Time er Jærens sprekaste kommune

Ordførar Andreas Vollsund jublar over sigeren - Klikk for stort bileteOrdførar Andreas Vollsund jublar over sigeren

Time vann over Klepp og Hå i årets Sykle til jobben-aksjon. 516 timebuar drog saman sigeren i land. 

–   Me takkar alle som har vore med. Knallbra jobba! Dette kan me vera stolte av, seier ordførar i Time, Andreas Vollsund. 

Den årlege, nasjonale Sykle til jobben-aksjonen gjekk av stabelen frå 3. mai til 16. juni. På Jæren hadde kommunane Time, Klepp og Hå ein intern konkurranse om å ha dei sprekaste innbyggarane: Kommunen som klarte å få flest innbyggarpoeng i løpet av dei seks vekene, vann tittelen “Jærens sprekaste kommune”. 

Det er nå klart at Time kommune er vinnar av konkurransen mellom jærkommunane.  

I løpet av aksjonen har 516 timebuar tilbakelagt til saman 88 046 km og vore aktive i 15 279 timar totalt, noko som gav oss 24 369  poeng. 

Hå kommune kom på andreplass med 18 498 poeng, mens Klepp kommune hamna på tredje med 13 841 poeng.  

123 slo ordføraren

Det var på førehand lova at alle timebuane som klarte å få fleire poeng enn ordførar Andreas Vollsund i løpet av aksjonen, vart med i trekninga av 2 stk Bryne-gåvekort med verdi på 1000 kr.  

123 timebuar var sprekare enn ordføraren, og me har nå trekt ut dei to vinnarane av gåvekorta. Desse vert kontakta direkte.