Ti turar i Time og Stolpejakten: Sesongoppsummering og premieutdeling!

Årets sesong med Ti turar i Time er over, og det same er fyrste sesongen med Stolpejakten. Nå er det på tide å trekka vinnarane av gåvekorta - og så tar me, som i fjor, ein liten kikk bak tala!

Varde og stolpe som markerer toppen av Ulvarudlå - Klikk for stort bileteTi turar i Time 2025: Tur 7, Tjåland – Jærbenken – Ulvarudlå – Aurenes – Tjåland Jan Oskar Haugen

Og som i fjor føler me oss nokså sikre på at de veldig gjerne vil veta kven som har vunne dei flotte premiane våre. Me lova å dela ut gåvekort på 1000 og 500 kroner, pluss kinobillettar, til nokre av dei som gjekk alle ti turane i år. Det er ingen grunn til å halda på spenninga, så her er vinnarane (som me allereie har kontakta):

  • Bryne-gåvekort på 1000 kroner: Steinar Breian Frantzen og Irene Taksdal
  • Bryne-gåvekort på 500 kroner: Hilde Aschehoug Aadnesen og Sanne Eggja
  • Gåvekort på kinobillettar (300 kroner): Signy Time og Bjarne B. Sandvik

Me gratulerer og takkar for turen, og gjentek mantraet frå i fjor: Det kjem nye sjansar til våren!

Kva fortel tala oss?

I fjor var fyrste året med digital registrering av turane, ved hjelp av QR-kodar montert på skilt ved turmåla. Så nå kan me samanlikna med i fjor og finna nokre “fun facts”. Her er eit lite diagram over fordelinga av folk som har registrert seg undervegs på turane i år:

Diagram over fordelingen av hvilke turer folk har gått under Ti Turar i Time 2025 - Klikk for stort bilete

Først av alt: Det totale antalet digitale registreringar i år er 1867. Det er noko ned frå fjorårets 2349, men det kan det vera fleire grunnar til – kanskje var vêret litt dårlegare, to av dei tre mest populære turane frå i fjor var ikkje med på programmet i år, og så blanda me jo inn Stolpejakten, som kan ha stole litt fokus – uansett, me er ganske nøgde med talet. Turen med flest registreringar er, som i fjor, Melsvatnet, som er registrert 378 gonger, og elles er vel det mest oppsiktsvekkande kanskje at talet på turgåarar er såpass likt fordelt på alle dei andre turane: Frå 182 på Bursfjell, den nest mest populære turen, til 135 på Ulvarudla, det skil altså mindre enn 50 frå tur nummer to til nummer ti på lista.

Så må me jo òg nemna at me i tillegg har nokre manuelle registreringar, turgåarar som har vore inne på rådhuset og registrert seg i staden for å bruka QR-kodane, så det totale talet på registrerte turar i år er rett rundt to tusen. Og for dei som lurte på det: Bokstavane me hadde klistra på skilta i år utgjorde ordet F - O - L - K - E - H - E - L - S - E … for Ti Turar og Stolpejakten handlar jo veldig mykje om det.

Me skal koma litt tilbake til nokre av dei litt artige tinga me fann då me kikka bakom tala på årets Ti Turar, men me må innom Stolpejakten først. I anledning Friluftslivets år sette me, som de antagelig har fått med dykk, ut 95 stolpar som ein del av den nasjonale Stolpejakten, blant anna langs løypene i Ti turar i Time, og det kan ikkje oppsummerast som noko anna enn ein dundrande suksess. Her har me veldig god statistikk, så no kjem litt snacks.

Stolpejakt-stolpe montert på brua over til Sandtangen på Bryne - Klikk for stort bilete

Stolpejakten 2025

Stolpane våre, fordelt på tre kart (Bryne sentrum, Frøylandsvatnet rundt og Ti turar i Time), har vore skanna smått utrulege 77 345 gonger i år. Smak på det. Nesten åtti tusen stolpebesøk! I snitt har kvar stolpe hatt over 800 besøk, og den mest populære stolpen ser du på bildet, stolpe nummer 92 på brua over til Sandtangen. Den vart skanna heile 2101 gonger.

2258 unike Stolpejakt-brukarar har skanna minst éin av dei 95 stolpane i år. Det som er litt artig er at me kan sjå kor dei kjem frå, for i Stolpejakten-appen registrerer ein seg nemleg med heimkommune, og det gav oss litt fiffig info i løpet av sesongen. I starten besto topplista vår av Time, naturleg nok, foran jærkommunane Klepp (der ti av stolpane på Frøylandsvatnet rundt-kartet jo sto) og Hå (som òg hadde eigne stolpar), med Gjesdal, Sandnes og Stavanger på dei neste plassane. Etter sommaren var ting litt annleis. Her er topp ti-lista, med antal besøkande frå kvar kommune:

  1. Time, 461 stolpejegerar
  2. Bergen, 180 stolpejegerar
  3. , 157 stolpejegerar
  4. Gjesdal, 148 stolpejegerar
  5. Sandnes, 147 stolpejegerar
  6. Klepp, 141 stolpejegerar
  7. Oslo, 124 stolpejegerar
  8. Stavanger, 59 stolpejegerar
  9. Strand, 48 stolpejegerar
  10. Askøy, 26 stolpejegerar

Liten tvil om at Stolpejakten trekk folk frå heile landet! I Time har me i løpet av sesongen hatt stolpejegerar i aksjon frå Alta i nord til Lyngdal i sør, frå 140 av dei 357 kommunane i Noreg. Av dei 2258 unike brukarane som har vært på stolpejakt i Time kommune er altså 1800 ikkje busett her!

Masse oppløftande tal, altså. Det er ordføraren heilt einig i:

Fun facts frå dei ti turane

Trufaste lesarar (finst det noko sånt på kommunen sine heimesider?) hugsar kanskje at me i fjor nemnde nokre namn som skilde seg ut då me gjekk gjennom listene over folk som hadde registrert turar. Eitt av dei namna var Ine Fintland, var den fyrste til å gjennomføra alle ti turane i fjor. Men ho var ikkje den som gjennomførte alle turane på kortast tid – det var nemleg mor hennar, Inger Westlye, som berre brukte seks dagar på bragda.

Ja, nå kalla me det ei bragd, men då vert det vanskeleg å beskriva det Ine og turvenninna Lise Bø Emberland gjorde i år. Me sette offisielt i gang Ti turar-sesongen 11. april, men QR-kodane på eit par av turane vert sette ut nokre dagar før. Det oppdaga Ine og Lise, så dei gjekk sin fyrste tur 9. april, så ein tur til 10. april, og så to turar til 11. april … og så kom laurdag 12. april, som var ein strålande dag på Jæren.

Hestar som beiter ved breidden av Taksdalsvatnet - Klikk for stort bileteTur 4, Sælandsfjellet rundt – ein av dei seks turane Ine og Lise gjekk 12. april. Jan Oskar Haugen

– Me skulle eigentleg berre gå 2-3 turar og utnytta det fine vêret. Og så balla det liksom på seg, så me stoppa på Lye og kjøpte drikke og is, og så tok me ein tur til, og ein til, og var heimom og henta litt proviant. Til slutt var det berre sykkelturen me ikkje hadde fullført, og då hadde me jo verkeleg fått blod på tann, så me runda av med den til slutt. Faktisk var det ganske godt å sitta på sykkelen etter såpass mykje gåing, men me kjende det dagen etter, ler Ine.

Berre for å setta dette i perspektiv: Ine og Lise fullførte altså alle ti turane på fire dagar, og den siste dagen er spesielt imponerande: Seks turar, tre mil til fots, med nesten 800 høgdemeter stigning, og to mil på sykkelen til slutt. Ganske sprekt!

Og så må me berre ta med éin turgåar til. Han var òg med i oppsummeringa i fjor, for då vann han eitt av gåvekorta – så heldig var ikkje Tom Varhaug i år, men han skilde seg ut i lista vår: Han var nemleg den einaste som gjekk alle ti turane i rekkefølge! Altså, tur nummer 1 fyrst, deretter nummer 2, 3, 4 og så vidare, og så tur 10, sykkelturen, til slutt.

– Nå er eg ikkje spesielt systematisk av meg og har aldri gjort det sånn før når eg har gått Ti turar, men i år vart det vel berre sånn. Eg visste jo at eg tok dei etter tur, men hadde nok ikkje eigentleg nokon plan på det. Eg går veldig mykje tur, og det er veldig stas når det er nokre heilt nye turmål med på lista, seier Tom til kommunen.

Me kan gleda både Tom og andre trufaste turgåarar med at det kjem nokre nye turmål neste år òg. Ti turar-general Jan Oskar Haugen går av med pensjon, men har sagt ja til å fortsetta med Ti turar, og han har allereie planane klare for eit par heilt nye rundar. Og så vert det nye stolpeplasseringar neste år òg. Det er berre å følga med når påska nærmar seg!

Tusen takk for turen i år, og god vinter!