ⓘ Aktuell informasjon

Sperreskål på tilbygget til Kvernaland omsorgssenter

Då var bygget tett! Det flotte nye tilbygget til Kvernaland omsorgssenter er tørt, og det betyr sperreskål, eller kranselag, med fine ord, wraps og kake. – 160 vel brukte millionar, meinte ordføraren.

Byggeleiar Arvid Vistnes snakkar til dei frammøtte under sperreskåla på tilbygget til Kvernaland omsorgssenter - Klikk for stort bilete Are M. Heiseldal

 

– Velkommen, sa byggeleiar Arvid Vistnes til dei om lag femti frammøtte frå kommune og entreprenørar, og fortsette med å understreka at det alltid er ein milepæl når ein kan markera “tett bygg”, sjølv om det er mye arbeid igjen før bebuarane kan flytta inn.

– Me siktar oss inn på å vera ferdige til sommarferien neste år, og då kan me overlevera bygget tidlig i september.

Besøkarane fekk sjansen til å sjå seg rundt i så godt som heile fyrste etasje. Dei som ville sjå andre etasje måtte ha verneutstyr, men det var ikkje nødvendig for å sjekke ut baderomsfasilitetane. Dei er nemleg levert som ferdige kuber, komplett innreda med do, vask og spegel…

Do-kosten er på plass

Kommunedirektør Trygve Apeland snakkar under sperreskål-markeringa på tilbygget til Kvernaland omsorgssenter - Klikk for stort bilete Are M. Heiseldal

– Og dokost. Bada er faktisk levert med dokosten på plass, sa Vistnes, til humring frå “salen”, før han overlét ordet til kommunedirektøren.

– Det er alltid kjekt å sjå når eit bygg har vorte tett. Eg rekner med det vert krangling framover om kven som skal jobba ute og inne, nå som varmen i golva snart vert kopla på, sa Trygve Apeland mens dei frammøtte skalv litt i frostrøyken, for varmeovnane hadde ikkje fått blåst luft lenge nok til å gjera nokon stor forskjell.

Kommunedirektøren la til at det neste prosjektet på Kvernaland vert foreldreinitiativet på tvers over gårdsplassen, og at det er veldig fint å ha ei klynge som dette samla. Og så drog han ein spøk som fekk eigedomssjef Sveinung Riska til å rista flirande på hovudet:

– Kjekt med tett tak

Ordførar Andreas Vollsund snakkar under sperreskål-markeringa på tilbygget til Kvernaland omsorgssenter - Klikk for stort bilete Are M. Heiseldal

– Det er jo kjekt at taket nå er tett. Sånn er det ikkje alltid her på Kvernaland, sa Apeland og sikta til taka på både omsorgssenteret og Foren burettslag, som begge måtte reparerast. Til slutt kom det eit stikk til ordføraren:

– Eg rekner med at ordføraren kjem til å seia at han har reservert eit rom til meg her!

– Eg har ikkje tenkt å plassera deg her, Trygve, du skal bu heime lenge ennå! Sånn skal det vera framover. Men eg lovar deg at viss du vert dement, så får du plass, sa Andreas Vollsund, og understreka at dei eldre ikkje er nokon byrde.

– Eldreressursen, seier eg, ikkje eldrebølga. For dei eldre er ein stor ressurs!

Og apropos ressursar:

– 160 millionar kroner er mykje penger, men dette er 160 vel brukte millionar. Eg gler meg til å verta invitert til opninga neste år, avslutta ordføraren.

Sjå fleire bilete frå markeringa i galleriet under!