Linn Iren Oppedal
Seks forskjellige stipend og prisar kan delast ut i år. Her får du oversikten og lenker til søknads- og nomineringsskjema.
Kulturstipend
Kulturstipendet skal primært hjelpe kulturarbeidarar/utøvarar i Time til vidare utvikling. Det kan gjevast til personar som gjennom yrke eller fritid tek aktivt del i kommunen sitt kulturliv, og består av eit diplom og kr 25 000.
Les meir og søk om kulturstipend her
Idrettsstipend
Idrettsstipendet skal stimulera unge utøvarar i Time til å utvikla seg i sin idrett, noko som i neste omgang kan bidra til heving av det idrettslege nivået i kommunen. Det kan gjevast til personar i aldersgruppa 15-25 år som gjennom trening og konkurransar tek aktivt del i idrettslivet som utøvarar, og består av eit diplom og kr 25 000.
Les meir og søk om idrettsstipend her
Innsatspokalen
Formålet med innsatspokalen er å heidre og stimulere prisvinnaren til vidare innsats innan sitt fagområde. Pokalen kan tildelast utøvarar, individuelt eller som lag, leiarar eller organisasjonar innan områda: Allmenn kultur, barne- og ungdomsarbeid, idrett, song og musikk. Prisen består av eit innkjøpt kunstverk.
Les meir og føreslå kandidat til innsatspokalen her
Kulturprisen – Timeglaset
Kulturprisen – Timeglaset er den viktigaste kulturpåskjøninga i Time kommune, og kan gjevast til ein person, ei gruppe eller ein organisasjon som har lagt ned eit særs verdfullt arbeid innan kultursektoren i Time. Prisen består av eit stort krystallglas teikna av kunstnaren Herborg Kverneland.
Les meir og føreslå kandidat til Kulturprisen – Timeglaset her
Byggeskikkprisen
Byggeskikkprisen skal motivera til auka innsats og bevisstgjering for god byggeskikk i Time kommune, og prisen kan gis til enkeltpersonar, firma eller lag og foreiningar, for bygg, parkar, hagar og uteanlegg som i utforming og tilpassing gjer Time til ein god kommune å opphalda seg i eller vera i. Prisen skal tildelast eit anlegg/prosjekt som er ferdigstilt, og består av av ein bronseplakett med innskrift som skal setjast på eller i anlegget, og kr 20 000.
Les meir og føreslå kandidat til byggeskikkprisen her
Heidersprisen
Time kommune sin heiderspris er ei påskjøning for prestasjonar som set Time og Jæren på kartet nasjonalt og internasjonalt, og bidreg til særs godt omdømme for kommunen vår. Prisen kan tildelast enkeltpersonar eller grupper, men ikkje offentlege institusjonar eller organisasjonar. Heidersprisen består av eit kunstverk utført av lokal kunstnar og eit diplom i kunstnerleg utføring, og delast berre ut viss kommunen meiner eit av forslaga er godt nok.
Les meir og føreslå kandidat til heidersprisen her