
Prosjektet bør vera interessant ikkje berre for bønder, men òg for andre innbyggarar som har gardar som ikkje er i drift. På prosjektet si heimeside hos Hå kommune finn du òg informasjon om regelverk og korleis du skal gå fram når du skal riva ei utrangert driftsbygning.
Her finn du kalkulatoren:
Riving av gamle driftsbygg i landbruket - Hå kommune
På same sida finst dessutan nyttig rettleiing og bakgrunnsinformasjon for rivingstilfelle. Det er Hå kommune som har hatt hovudansvaret for prosjektet, med fagleg bistand frå Time kommune.