Sivdambassenget opnar igjen

Etter nesten halvtanna år er Sivdambassenget endeleg igjen klart til bruk denne månaden. Fliser er bytta ut og tak er fornya, og nå skal bassenget verta endå meir tilgjengeleg enn før det stengde.

Bilde av vannslange som fyller vann i svømmebasseng - Klikk for stort bilete Are M. Heiseldal

 

29. oktober 2024 vart Sivdambassenget stengd med umiddelbar verknad på grunn av øydelagde fliser som var til fare for dei badande. Stenginga vart gjort av kommuneoverlegen etter ei bekymringsmelding.

Sidan den gong har eit omfattande renoveringsarbeid vorte gjennomført, og i slutten av februar starta prosessen med å fylla vatn i bassenget, noko som må gjerast over lengre tid og med nøye overvåking av temperaturen for å unngå at limet på dei nye flisene slepp taket.

– Ikkje før eg e ferige med å fylla!

Me overlot sjølvsagt dette til ekspertane:

Dei fyrste som får tilgang i det oppgraderte Sivdambassenget (når Trygve er ferdig) er skulane og grupper med fast bassengtid, i løpet av mars månad. Etter påske vil det verta opna for offentleg bading, og då skal altså bassenget vera meir tilgjengeleg enn før det stengde.

Badevakter til sundagsope basseng

Det nye er at bassenget vert ope på sundagar. Det betyr òg at me treng fleire badevakter! Er dette ei oppgåve du kunne tenka deg, eller kjenner du nokon som det passar for? Då kan du ta kontakt med fritidssjef Stian Langeland på stian.thomas.langeland@time.kommune.no eller 908 23 450.

Me sjåast i bassenget!