Stolpe nummer 63, Håfjell. Denne stolpen finn du på kartet "Ti turar i Time".
Jan Oskar Haugen
Sesongen så langt har vore ein knallsuksess, med nærmare 2000 registreringar via QR-kodane våre på Ti turar i Time, og – hald deg fast – over 70 000 skanningar til saman på dei 95 stolpene me sette ut i kommunen vår i mars. Det er fantastiske tal, og det skal mykje til at me ikkje køyrer same opplegget neste år, men tradisjonen tru vil me miksa litt på turane og få inn noko nytt. Ti turar-general Jan Oskar Haugen er allereie i gang med planlegginga, og har fine ting på gang.
Stolpejakt-stolpene kjem òg for det meste til å få nye plasseringar – ikkje langt unna der dei har vore i år, men litt leiting skal det jo helst vera! Og kanskje blir det bitte litt fleire av dei òg neste år.
1. november sluttar QR-kodane på stolpane å virka. Sjølve stolpane, og skilta på Ti turar, kan nok verta ståande litt lenger, men du får ikkje registrert dei etter det, så har du ikkje fullført alle ti turane og vil vera med i trekkinga av dei gjeve Ti turar-premiane må du altså gjera det før 1. november. Det betyr at du har snaut tre veker på deg, og oktober ser ut til å gje oss nokre fine dagar. Så kva ventar du på?
PS: Før me satte i gang med dette i år var me litt redde for at det kunne bli noko hærverk på stolpane. Det har andre arrangørar erfart, og nokre av stolpane våre står veldig utsett til (hei på deg, Arne Garborg, midt på Torget). Men, bank i bordet: Ingen av stolpane, så vidt me veit, har vore utsett for menneskeleg hærverk. At nokre beitedyr har forsynt seg av teip og papir her og der, så me har måtta erstatta eit par stolpar undervegs, skal me heller akseptera. Me er tross alt på Jæren!