
Kommunen sitt psykososiale kriseteam vil vera til stades i kyrkja.
– Våre tankar og djupaste medkjensle er med dei som er råka av denne tragiske hendinga. Ein seks år gamal gut har brått mista livet. Det er vondt og det er mange som er sterkt prega i dag. Kyrkja vil derfor vera open i kveld, og der vil det vera mogleg å snakka og vera saman med andre, seier varaordførar Gaute Stokka.
Kommunen sitt fokus er å ivareta personar som sto guten nær og dei som er råka av hendinga. Psykososialt kriseteam er forsterka med fleire personar og nyttar dagen i dag til å kontakta personar som har behov for nokon å snakka med. Dette arbeidet vil pågå dei komande dagane.
– Kommunen si beredskapsleiing har vore samla i går og i dag. Kommunen skal bidra med det me kan i denne situasjonen, seier Stokka.
Har du vore vitne til ulykka, eller er på anna måte råka og treng nokon å snakka med, ta kontakt med legevakta på telefonnummer 116 117.