Ny barne- og familiesjef - Hovedportal

Ny barne- og familiesjef

Christer Espevik tek 1. juni over som barne- og familiesjef i Time kommune etter Siri Endresen.

Christer Eliassen, ny barne- og familiesjef i Time kommune - Klikk for stort bileteChrister Eliassen, ny barne- og familiesjef i Time kommune frå 1. juni. Are M. Heiseldal

 

Espevik er utdanna grunnskulelærar og tek for tida vidareutdanning innan leiing. Han har arbeidd i Time kommune sidan 2009, først som sivilarbeidar og lærarvikar ved Frøyland ungdomsskule, og så som lærar ved Bryne ungdomsskule frå 2014 etter å ha fullført lærarutdanninga si. I 2021 flytta han tilbake til Frøyland ungdomsskule, og vart vald som hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet i 2022.

– Eg søkte stillinga som barne- og familiesjef fordi eg ønsker å vera med å påverka utviklinga av oppvekstområdet i Time. Gjennom arbeidet mitt som hovudtillitsvald har eg fått god innsikt i korleis val og prioriteringar i kommunen påverkar kvardagen til barn og unge, og det har gjort meg motivert for å ta eit større ansvar. Eg brenn for å få til gode, samordna tenester rundt barn og familiar, og ønsker å bidra til å realisere visjonen om at alle barn og unge i Time kommune har lyst på livet, og evne til å meistra det. Eg opplever at kommunen har eit sterkt fagmiljø og ei tydeleg retning i dette arbeidet, og det ønskjer eg å vere med og vidareutvikle, seier Espevik, og legg til:

– Eg ser òg fram til å samarbeida tett med dyktige og kompetente verksemdleiarar i barne- og familieområdet, og bidra til å utvikla tenestene vidare saman med dei.

Pamela Sudmann, kommunalsjef Oppvekst, Time kommune - Klikk for stort biletePamela Sudmann, kommunalsjef Oppvekst, Time kommune. Linn Iren Oppedal Nilsen

Nøgd kommunalsjef

Espevik får nå Pamela Sudmann som sjef. Kommunalsjefen for Oppvekst er godt nøgd med tilsettinga.

– Christer Espevik har hatt fleire ulike roller i Time kommune, og har dei seinare åra arbeidd tett opp mot både administrativ og politisk leiing. Han har god kjennskap til kommunen, organisasjonen og samhandlinga på tvers av nivå, seier Sudmann.

Espevik fortset som hovudtillitsvald fram til 1. juni.