Fredag morgon 21. oktober signerte kommunedirektør Trygve Apeland kontrakt om bygginga av Bryne storhall med entreprenøren Skanska.
Samla kontraktsum for samspel og utføring er på 124 millionar kroner eks. mva.
Kan stå klar neste år
Bryne storhall er den nye doble idrettshallen kommunen skal bygga i Trallfavegen 6 på Bryne. Arbeidet med å reisa hallen tek for alvor til i november i år, og byggetida er rekna å ta eitt år, noko som betyr at hallen kan stå klar i utgangen av 2023.
Hallen er teikna av Asplan Viak.
Asplan Viak
Kan nyttast til toppseriespel
Bryne storhall vil styrka hallkapasiteten på Bryne betrakteleg. Hallen vil få to hallflater etter kvarandre, og vert om lag 90 meter lang. Takhøgde vert 9 meter, noko som betyr at hallen kan nyttast til toppseriespel i fleire idrettar med krav om takhøgde, til dømes handball. Bruksarealet til hallen er på 5 000 kvadratmeter.
Tribunen langs den eine langsida er dimensjonert for 600 tilskodarar, men med planlagde teleskoptribunar i tillegg, vil hallen kunna ta imot opp til 1500 publikummarar.
Fleire kan trena samstundes
Kvar av dei to hallflatene kan delast opp i tre mindre delar, slik at seks grupper kan trena samstundes i hallen, og det vil vera eige garderobesett til kvar inndeling.
Bryne storhall vil også innehalda andre funksjonar som kiosk, stryketreningsrom, sosiale rom og klubblokale.
– Det er utruleg kjekt å koma i gang med bygginga. Bryne storhall vil bety spesielt mykje for barn og unge, men blir òg viktig for folkehelsa. I tillegg vil hallen bety mykje for byutviklinga av Bryne, seier kommunedirektør Trygve Apeland.
Illustrasjon av Bryne storhall
Asplan Viak