
eByggesøk er ei enkel og brukarvennleg digital løysing som hjelper deg steg for steg gjennom søknadsprosessen. Her får du rettleiing om kva som er søknadspliktig, kva du kan gjera sjølv, og kva dokument som trengst.
Merk: Løysinga kan ikkje brukast for fasadeendringar eller for søknadar som gjeld driftsbygningar i landbruket.
Målet er å gjere byggesaksprosessen enklare, heva kvaliteten på søknadane og redusere saksbehandlingstida – både for deg som søkar og for kommunen.
Fordelar med eByggesøk:
- Gratis for alle private søkarar i Time kommune
(merk at du framleis må betala byggesaksgebyr!) - Tydeleg rettleiing gjennom heile prosessen
- Komplett søknad fyrste gong – mindre ventetid
- Lett tilgjengeleg på nett, kva tid som helst
eByggesøk finn du her:
eByggesøk
For at me skal kunne behandla byggesaker så raskt og effektivt som mogleg, oppfordrar me alle privatpersonar som skal søka om byggeløyve framover til å bruka eByggesøk.