ⓘ Aktuell informasjon

Nå er kinoen ikkje lenger kommunal

Torsdag 1. oktober opna Bryne kino dørene igjen etter at Trondheim kino overtok drifta frå Time kommune tysdag 29. september.

Erlend Serigstad, kinosjef Bryne kino, og Arild Kalkvik, kinodirektør i Trondheim Kino tek kverandre i hendene i lukssussalen på Bryne kino. - Klikk for stort bilete

 

– Me er svært glade for at kinosjef Erlend Serigstad og alle dei andre tilsette vert med vidare, seier kinodirektør i Trondheim kino, Arild Kalkvik.

– Utan denne fine gjengen kunne me ikkje ha starta opp att etter berre 2 dagar med tilpassing til våre teknologiske plattformar.

Kinosjef Erlend Serigstad ser fram til å komme i gang igjen etter ei intens tid med avvikling av den kommunale kinodrifta og integrasjonen med ny drivar.

– Eg gler meg til å gå laus på ein travel kinohaust, som alt startar med haustferien.

Serigstad kan òg informera om at kinoen alt er i gang med å tilsetta fleire, ettersom ein treng fleire kinovertar.

– Jula kjem til å bli særs travel på kinoen, med premiere på store Hollywood-produksjonar som «Dune 3» og 
«Avengers: Doomsday», pluss norske familiefilmar som «Bukkene Bruse drar til Syden» og «ViQueens», så at me får på plass fleire kinovertar er viktig for oss.

Kinodirektør Arild Kalkvik takkar Time kommune for godt samarbeid knytta til overtakinga av drifta.

– Dialogen med kommunen, Fagforbundet og dei tilsette har vore god under heile prosessen, så me vil retta ein takk til alle dei som har gjort det mogleg med ei kort driftsstans og at det gode kinotilbudet dermed vert oppretthalde, seier Kalkvik.

Kommunen er òg godt nøgd med ordninga.

– Me meiner dette er ei god løysing som reduserer kostnadane for kommunen, samtidig som me sikrar at det framleis vil vera eit godt kinotilbod på Bryne, sa kommunedirektør Trygve Apeland då avtalen vart inngått i sommar.


Bakgrunnsinformasjon:
I 2025 vedtok eit einstemmig kommunestyret i Time at ein var positiv til ei privatisering av drifta ved Bryne kino og gav kommunedirektøren i oppdrag å gå i dialog med private kinoaktørar for å undersøka interessa. Etter dialog med interesserte partar kom kommunen til semje med Trondheim Kino AS, og 17. juni vart avtalen vedteke i kommunestyret.

Trondheim Kino AS driv i tillegg til Bryne kino i Steinkjer, Stjørdal, Kristiansund og Trondheim. Selskapet har etter at Bryne kino vart med 180 tilsette.