Varsel om forsinkingar og mogleg nedetid

Grunna nødvendige systemoppdateringar, kan det oppstå forsinkingar og nedetid i nokre av dei digitale tenestene våre i perioden fredag 26. mai-måndag 5. juni. Det kan oppstå forseinking i saksbehandling, og postlister og møtesaker kan verta utilgjengelege på nettsida vår i perioden. 

Me beklagar eventuelle ulemper dette medfører. 

Nå er det bandtvang i heile Noreg

Hund - Klikk for stort bilete

 I Time kommune gjeld bandtvangen frå 1. april til 31. oktober.  

I tida frå 1. april til 31. oktober skal hundar vera i band eller forsvarleg inngjerda slik at dei ikkje jagar eller skadar andre dyr.  
Regelen gjeld i heile Noreg i perioden 1. april til 20. August, men i Time kommune gjeld den altså heilt til 31. oktober. 

Les heile Forskrift om utvida bandtvang for hund i Time kommune her.

Det er berre hundar i aktiv teneste, som for eksempel politihundar eller gjetarhundar, som på visse vilkår får fritak frå regelen om bandtvang.  

Det er likevel moglegheiter for hundar som treng å springe frå seg i løpet av sommarhalvåret. I Time kommune har Brynes Vel etablert hundesleppområde i Sandtangen på Bryne. I dette området kan hunden din springe fritt året rundt.