Kjersti Landro og Trygve Netland frå Blå Kors er snart klare til å ta imot småbarnsfamiliar.
Are M. Heiseldal
‒ Me har ein jobb å gjera, seier Trygve Netland, styreleiar i Blå Kors Bryne, når kommunen kjem på besøk for å sjå på lokala i kjellaren på Saron.
Blå Kors leiger til saman rundt 300 kvadratmeter i underetasjen, fordelt på mellom anna to store opphaldsrom og kjøkken. Planen er at det største møterommet, som har fleire store vindu ut mot parkeringsplassen så ein kan halda auge med barnevogner utanfor, skal få eit strøk måling og kanskje litt nye møblar før tilbodet opnar, medan det andre opphaldsrommet er heilt nyoppussa.
Det største opphaldsrommet, som skal få seg eit strøk måling før opning.
Are M. Heiseldal
Det største opphaldsrommet har store vindauge ut mot parkeringsplassen.
Are M. Heiseldal
‒ Det luktar framleis byggeprosess her, seier Netland når han og styremedlem Kjersti Landro går inn døra.
Opnar i oktober
Brynelunden opne barnehage vil halda ope ut veke 41, og så siktar Blå Kors seg inn mot opning i veka etter, altså rett etter haustferien. Frå starten av vil møteplassen vera open to dagar i veka, og så blir det nok tre etter kvart.
‒ Me er nokså sikre på kva for dagar det blir. Torsdag er ganske sikkert, og den andre dagen blir truleg måndag eller tysdag. Og når me utvidar til tre, blir det antakeleg måndag, tysdag og torsdag, seier Landro.
Kjersti Landro og Trygve Netland i det nyoppussa opphaldsrommet i Saron-kjellaren.
Are M. Heiseldal
No har organisasjonen starta jobben med å finne to tilsette som skal drifta tilbodet, som altså ikkje skal vera ei direkte erstatning for open barnehage, men ein sosial møteplass for barn i fylgje med omsorgspersonar.
Travelt
‒ Me ville ikkje setja i gang med for mykje jobb før me fekk bekrefta at me fekk oppdraget, så nå er det berre tida og vegen. Parallelt med jakt på folk og litt oppussing må me òg få tak i leiker, og så vert det kanskje eit klatrestativ eller noko sånt i det inste hjørnet på parkeringsplassen. Der har det akkurat vore gravearbeid, og dei asfalterte ikkje etter seg med tanke på at me kanskje skulle bruka det hjørnet til uteområde, avsluttar Trygve Netland.
Kjellarlokala i Saron. I hjørnet til høgre kan det koma klatrestativ.
Are M. Heiseldal