Ordførar Andreas Vollsund styrer betongen til den symbolske "fyrste støypen" under markeringa av byggestart ved utvidinga av Kvernaland omsorgssenter.
Are M. Heiseldal
Reint formelt sett er det ei stund sidan både fyrste “spadetak” og fyrste støyp vart gjort på Kvernaland, men byggestart skal alltid markerast skikkeleg, og både ordførar og kommunedirektør stilte velvillig opp.
– Her bygger me for framtida. Det skal vera godt å verta gamal i Time, og då treng me nok omsorgsbustadar. Målet er jo at fleire skal kunna bu heime lenger, men når det ikkje er mogleg lenger, så må det stå bustadar klare, seier ordførar Andreas Vollsund etter å ha fått prøva seg med betongrøyret.
– Det var tyngre enn eg trudde, og så vart eg redd for å øydelegga findressen heilt, innrømmer ordføraren, som tradisjonen tru stilte i finstasen og gjorde støypen med blankpussa ordførarkjede rundt halsen. Det gjekk greitt med både dress og kjede.
Representantar frå kommune og byggeleiing på plass i det som vert atriet i det nye bygget. Frå venstre: Avdelingsleiar Maria Lisa Skulbru Knutsen i heimesjukepleie nord, eigedomssjef Sveinung Riska, byggeleiar Arvid Vistnes, byggherreombod og byggeleiar grunnarbeid Jan Sørheim frå Novaform, kommunedirektør Trygve Apeland og ordførar Andreas Vollsund.
Are M. Heiseldal
Kvernaland omsorgssenter har 24 leilegheiter frå før, og bygget som vert reist nå skal romma 27 nye. Prosjektet skal kosta 170 millioner kroner og stå ferdig i august neste år.
– Det er veldig godt å få samla så mykje på sjølve indrefileten i Time og på Kvernaland. Dette er allereie eit flott senter, og endå betre vert det nå, seier kommunedirektør Trygve Apeland.
Sjå fleire bilete frå markeringa, og prosjekt-teikningar frå Asplan Viak, i karusellen under!