Lysløypa rundt Eivindsholdtjørn er ferdig

Lysløype - Klikk for stort bileteLysløypa ved "Tjødnå" kan enkelt nyttast i dei mørke timar

Den nye lysløypa på Bryne vart offisielt opna torsdag 14. april.

– Dette er ei perle på Bryne, som har vore mørklagt i altfor mange år. Nå er det på tide at me lyser opp denne perla, og tar henne i bruk heile året og heile døgnet, sa ordførar Andreas Vollsund før han klipte det raude båndet.

Eivindsholdtjørn ("Tjødnå" på folkemunne) ligg mellom byggefelta Eivindsholen og Auglend i den sørlege delen av Bryne, og turstien rundt vatnet vært mykje brukt av turgåarar og mosjonistar året rundt. 

Turløypa rundt vatnet er omtrent 1,6 km lang og passar for alle. 

Nye leikeapparat

I tillegg til nye lys, har kommunen satt ut nye leikeapparat ved den eine stranda, fleire søppeldunkar og nye benkar.  Benkane er gitt i gåve frå Nordic Steel, som også har produsert dei låge pullertane som lyser opp delar av stien. 

I den sørlege delen av turområdet - mot Stemmen, er det også laga ein avstikkar som gjer det mogleg å gå under Brøytvegen i ein gammal tunnel som tidlegare vart brukt av kyr. Tunnelen fører til det nye byggefeltet Stemmenmarka.

Ordførar klipper snor - Klikk for stort bilete
Nye lekeapparat - Klikk for stort bilete
lekeapparat ved strand - Klikk for stort bilete
tursti - Klikk for stort bilete
benk ved vatn - Klikk for stort bilete
tursti - Klikk for stort bilete
tunnel ved tursti - Klikk for stort bilete