
Time kommune er medarrangør når Livsgledefestivalen arrangerast på Bryne. Det heile vert sparka i gang med litterær lunsj med Ørjan Zazzera Johansen på biblioteket torsdag 5. mars klokka 12.00, og så går det slag i slag med eit program der det bør vera noko for kvar ein smak (i mange tilfelle bokstaveleg talt)!
Få med dykk familieaktivitetane på Bryne Mølle laurdag føremiddag! Og av dei mange varierte høgdepunkta frå resten av programmet kan me nemna i fleng:
- Livsgledeløp
- Livsgledemiddag
- Livsgledesløyfa
- Livsgledegudsteneste
- … og isbading (brrr!) for livsglede.
Kommunen håpar å sjå så mange innbyggarar som mogleg i sentrum i løpet av helga. Programmet kan de sjå i biletet under, men det står òg skriftleg under der igjen, for dykk som brukar skjermlesar.
Meir info finn de elles på Facebook-sida til Livsgledefestivalen, her: Livsgledefestivalen på Facebook

TORSDAG 5. MARS
Litterær lunsj med Ørjan Zazzera Johansen, kl. 12.00, Time bibliotek
Songskattane, kl. 17.30 og 19.00, Storstova
FREDAG 6. MARS
Livsgledefrukost for næringslivet, kl. 8.30, Rits kafé og vinstove
Livsgledeløpet med Bryne vgs, kl. 10.00, Torget
Livsgledelunsj senior, kl. 12.00, Sivdammen
Open kafé - gratis mat og kjekke aktivitetar, kl. 18-23, Møllekjellaren
Dag Sørås: Skadefryd, kl. 19.00, Storstova
Livsgledemiddag med pater Pollestad, kl. 19.00, Bryne Kro & Hotell
LAURDAG 7. MARS
Aktivitetsdag: Handverk og livsglede, kl. 10-13, Garborgsenteret
Livsglede for heile familien, kl. 11-14, Bryne Mølle
Fredrik Arnøy - utstilling, kl. 11-16, Bryne Mølle
Pop up blues: Kent Erik Thorvaldsen, kl. 11.30-16, butikkar og kaféar
Hulda i heilfigur, kl. 12.00, Garborgsenteret
Musikksamling for små barn, kl. 13.00, Time bibliotek
Minikurs i Hulda-søm, kl. 13.30, Garborgsenteret
Blues for barna (konsert), kl 14.00, Bryne Mølle
Livsgledesløyfa, kl. 14.00, utestader i Bryne - billettar: bryne.no
Jæren Kvinnegalla, kl. 18.00, Hvelvet Scene
SUNDAG 8. MARS
Livsgledegudsteneste, kl. 11.00, Bryne kyrkje
Kunstvandring, kl. 13-14, Bryne kunstforening, oppmøte ved Storstova
Isbading, kl. 14-15, Melsvatnet
“En dag uten kvinner”, kl. 16.00, Bryne Kino
8. mars-kveld, kl. 18-22, Mellombels