Frå venstre: Styreleiar Helge Grøsfjell, hotellsjef Else Strøm Larsen, kjøkkensjef Kristine Vaule og dagleg leiar Mette Vigre ved Hotell Jæren saman med ordførar Andreas Vollsund etter utdelinga av Byutviklingsprisen 2025.
Are M. Heiseldal
Prisen er ei "påskjønning til enkeltpersonar eller firma som på ein spesiell måte har markert seg positivt i utviklinga av Bryne", og delast ut under Bykonferansen i oktober.
Les meir og send inn forslag - innan torsdag 1. oktober - via dette skjemaet:
Forslag til kandidat til Byutviklingsprisen 2026
NB! Me gjer merksam på at alle innsende forslag er offentlege – INKLUDERT namn på den som kjem med forslaget. Det er altså heilt i orden om du vil nominera deg sjølv eller mor di, men du risikerer at alle veit at du gjer det.