Konsekvensar av brot på hovudvassleidning

Eit brot på IVAR si hovudvassleidning til Jæren skapte bryderi i morgontimane i dag, fredag.

Vatnkran med rennande brunt vatn - Klikk for stort bilete

 

Alle bustadar i Time kommune har framleis vatn som normalt, men ein konsekvens av dette leidningsbrotet er at nokre kan få misfarga vatn i ein kort periode. Dette er ikkje farleg. Løysinga er berre å la vatnet renna litt, så vil det fort gå tilbake til normalen.

I tillegg kan innbyggarar på Undheim dei neste dagane oppleva klorlukt og endra smak på vatnet. Dette er også ufarleg, og vatnet er trygt å drikka. Årsaka er at IVAR tek i bruk ei reservevasskjelde.

Sjå elles nettsidene til IVAR for oppdateringar: IVAR - Forside