ⓘ Aktuell informasjon

Kongeboka er komen heim – og pangstart på lesekonkurransen!

Endeleg er Kongeboka, som Time kommune har fått i gåve fra Erling Braut Haaland, på plass på biblioteket. Og lesekonkurransen som same mann har teke initiativ til har starta med eit smell!

Ordførar Andreas Vollsund, bok-medeigar Alfie Haaland og eit utval skulebarn frå Time kommune poserer med Kongeboka etter overrekkelsen på Time bibliotek 9. november - Klikk for stort bileteOrdførar Andreas Vollsund, bok-medeigar Alfie Haaland og eit utval skulebarn frå Time kommune poserer med Kongeboka etter overrekkelsen på Time bibliotek. Are M. Heiseldal

For å starta med det siste: Lesekonkurransen for elevar på mellomtrinnet og ungdomsskulen skal gå føre seg i to omgangar (det er tross alt ein fotballspelar som står bak): I heile november og heile januar – med pause i desember – skal elevane lesa så mykje dei klarar, og registrera tida dei les. Premien er å få reisa til Ullevaal stadion i Oslo og sjå Erling og resten av landslaget spela kamp.

Med andre ord er me nå ei god veke ut i konkurransen. Og tala for den fyrste veka er aldeles spinnville, hold deg fast: Elevane som er med har til saman lese i 469 dagar, 16 timar og 47 minutt. Det er meir enn 11 000 timar, det. På éi veke! Og det som gjer det endå villare er at me framleis manglar tala frå ein av skulane, 13 av dei totalt 86 klassene som deltek. Altså er tala eigentleg endå større.

Alt dette fordi Erling Braut Haaland og far hans, Alfie, brukte 1,3 millionar kroner på ei bok for litt under eitt år sidan. Kongeboka, kallar biblioteket og Garborgsenteret denne boka, og det kan ein jo forstå når det som står på tittelbladet er “Norske kongers krønicke oc bedrifft / indtil unge Kong Haagens tid / som døde: Anno Domini 1263, Udset aff gammel Norske paa Danske”. Ja, ja. Lettare å seia “Kongeboka”.

Kort eller langt namn, boka er nå gjeven i gåve til Time kommune, saman med lesekonkurransen, og måndag fekk ho endeleg koma på plass i monteren sin på biblioteket etter ein høgtideleg seremoni. For ein dag det vart!

Høgtideleg overlevering

Erling Braut Haaland intervjuar seg sjølv på storskjerm under overrekkinga av Kongeboka på Time bibliotek - Klikk for stort bileteErling Braut Haaland intervjuar seg sjølv på storskjerm mens pappa Alfie, nærmast kameraet, ser på. Are M. Heiseldal

Det starta med at vel 170 spente, tilfeldig utvalde elevar frå alle skulane i heile kommunen tok plass i salen på biblioteket, saman med utvalde gjester, blant anna ein god gjeng frå Team Haaland. Men skulebarna satt framst, det skulle berre mangla!

Det fyrste dei fekk sjå var verdenspremiere på ein filmsnutt signert TV 2 sin ordkunstnar Frode Grytten og redigerings-kunstnar Michael Allen, som handla om Erling si tilknyting til Bryne. Dunka ikkje dei lokalpatriotiske hjarta i salen hardt då, så gjer dei det aldri. Deretter slapp ord- og tonekunstnar Tønes til med eit par sangar.

Og så var det Erling sjølv sin tur! Altså, han fekk ikkje til å møta opp reint fysisk. Men i staden fekk dei inviterte sjå ikkje éin Erling, men to, på skjermen, der bok-gjevaren intervjua seg sjølv, både om lesing, boka og lesekonkurransen, før Inger Undheim frå Garborgsenteret inviterte pappa Alfie og Janove Ottesen frå Kaizers Orchestra opp på scena for å snakka om same tema.

– Det vart ein del lesing, for det var jo ein lærarheim, sa Alfie om sin eigen oppvekst, og fortsette: – Me las mykje for Erling òg då han var liten. Det var den perfekte avslutninga på lange dagar med mykje fysisk aktivitet.

Svart koffert og kodelåsar

Alfie Haaland gjev Kongeboka til ordførar Andreas Vollsund under overrekkinga av Kongeboka på Time bibliotek - Klikk for stort bileteAlfie Haaland tek ordførar Andreas Vollsund i handa idet han overrekk Kongeboka på scena. Eirill Iren Nord-Varhaug, Jærmuseet

Høgdepunktet nærma seg då nasjonalbibliotekar Åse Wetås og kurator Chiara Palandri kom på scena med ein liten svart koffert med innlagt temperaturmålar og to kodelåsar. Forsiktig opna dei kofferten, fann fram den vesle nasjonalskatten og overlét han til Alfie – og alle dei involverte hadde nye, kvite silkehanskar på seg. Fint skal det vera!

Så kunne Alfie høgtideleg overlevera bokgåva til kommunen, representert ved ein sprekkeferdig ordførar Andreas Vollsund, som skunda seg å legga million-klenodiet ned på ei pute på bordet.

– Me er utruleg takksame for dette. Og så er det viktig å hugsa på at det ikkje var noko sjølvfølge at boka skulle hamna her. Erling gjer ikkje dette fordi han må, men fordi han vil, sa ordføraren.

Det er ikkje mange som kan skryta av at dei har fått lov å slå så hardt dei vil på tromme inne på biblioteket, men det kan Alfie gjera. Han leia publikum i ein “RO!”-sekvens som ikkje sto noko tilbake for det me såg i USA og på Slottsplassen i sommar – før boka tok fatt på den siste lille turen opp til monteren i andre etasje.

Siste del av reisa

Kurator Chiara leia an i ein høgtideleg prosesjon opp trappa, med nokre få utvalde elevar, ordføraren, Alfie og eit heilt pressekorps på slep, og så vart Kongeboka forsiktig lagt på eit stativ i monteren og låst grundig inn der ho nå skal bu i overskueleg framtid. Deretter fekk alle elevane i tur og orden sjansen til å ta ein god kikk, før dei kunne skriva ei helsing til Erling på to store ark.

Den Norske Krønike, eller Kongeboka, utstilt i monter på Time bibliotek - Klikk for stort bileteKongeboka trygt på plass i monteren sin på biblioteket. Are M. Heiseldal

Måndag kveld vart opninga av utstillinga offisielt markert med eit arrangement same stad, der nasjonalbibliotekaren og den førre eigaren av boka, samlaren Johan Fredrik Odfjell, var gjestar. Og frå då av har boka vore tilgjengeleg for alle i monteren sin i andre etasje på biblioteket. Du kan ikkje bla i ho – det er ho for gamal og skrøpeleg til – men ho ligg oppslått, og på motsatt vegg finn du eit digitalisert eksemplar som du kan lesa frå perm til perm, om du vil. Så lenge det ikkje er lang kø bak deg, då.

Me takkar alle samarbeidspartnarar i prosjektet og gratulerer alle involverte med dagen! Den dyraste boka i noregshistorien, på norsk, er komen heim til Jæren. Og det er heilt gratis å sjå ho.

Sjå fleire bilete frå festdagen i galleriet under!