Kommuniser enkelt med kommunen på Helsenorge

Frå januar 2024 kan alle innbyggarar i Time som mottek helse- og omsorgstenester, kommunisera digitalt med kommunen på Helsenorge.

 

illustrasjon av mann med mobiltelefon - Klikk for stort bilete Helsenorge

Meldingane du får og sendar med Helsenorge kan erstatta spørsmål og beskjedar via telefon, SMS, e-post og brev. Det er ein trygg og sikker måte å kommunisera på som varetek personvernet ditt.

På Helsenorge kan du: 

  • Senda og motta meldingar frå helse- og omsorgstenestene i kommunen. 
  • Sjå avtalar om oppfølging. 
  • Få varsel om utført oppfølging på SMS eller e-post. 

Kvifor nytta Helsenorge? 

  • Du slepp telefonkø. 
  • Du kan lesa og senda meldingar når det passar for deg. 
  • Du får oversikt over kva du mottek av oppfølging og hjelp. 
  • Du kan gje og få beskjed når det er nødvendig å endra eller avlysa avtalar. 
  • Du kan vera sikker på at viktige beskjedar kjem fram til deg. 
  • Du vil vanlegvis få svar frå kommunen direkte på helsenorge.no innan ein virkedag. 
  • Meldingane vert berre lesne av tilsette i helse- og omsorgstenesta som har lov til å sjå opplysningar om deg. 
  • Du får varsel om nye meldingar på SMS eller e-post ut frå kva varseloppsett du sjølv har valt. 

Slik kjem du i gang: 

  • For å koma i gang må du motta helse- og omsorgstenester frå kommunen. 
  • Logg deg inn på helsenorge, anten via helsenorge.no eller i Helsenorge-appen. 
  • Av omsyn til sikkerheit må du bruka BankID eller liknande når du loggar deg inn. 
  • Når du kjem inn på Helsenorge, trykker du på navnet ditt og går inn på “ Profil og innstillingar”. Gi så samtykke til å bruka Digihelse, så er du i gang. 

Hjelp med innlogging og bruk 

Du finn meir informasjon om tenesta på www.helsenorge.no/kommunetjenester 

Chat/kontakt:

 Helsenorge 

Telefon Helsenorge: 23 32 70 00 (kvardagar mellom kl. 08-15.30) 

Du kan også kontakta nærmaste tenestestad. 

Få hjelp av pårørande:

 Det er mogleg å gje andre fullmakt til å bruka tilbodet på vegne av deg. Du kan gi fullmakta på helsenorge.no. Du bestemmer sjølv kven du vil gi fullmakt til og kva vedkomande skal ha tilgang til.

Informasjonsvideo om kommunale helsetenester på helsenorge.no: