
Innstillinga frå kommunedirektøren har vore vegen gjennom alle utvala og formannskapet før ho hamna på kommunestyret sitt bord. Kommunestyret vedtok innstillinga frå kommunedirektøren med 22 mot 5 stemmer.
– Kommunedirektøren ser at fleire av dei føreslåtte tiltaka er krevjande å gjennomføra. Samstundes blir det i alle deler av kommuneorganisasjonen lagt vekt på å gje innbyggarane så gode tenester som mogleg innanfor vedtekne budsjettrammer, heiter det i saksdokumenta frå kommunedirektøren.
Omstillingsprosjektet inneber ein budsjettreduksjon på til saman 45 millionar kroner fram mot 2028. Saka onsdag konsentrerte seg i hovudsak om 2025 og 2026, mens tiltak for dei to siste åra vil komma i framtidige handlings- og økonomiplanar.
Lenke til saka og oversikt over tiltaka som nå er vedtatt finn du her:
Omstilling 2025-2028