Kommunen set fokus på vald mot kvinner

Har du passert rådhuset dei siste dagane og lurt på korfor det er lyst opp med oransje flaumlys? Eller kva alle skoa og handveskene gjer på plenen ved Veslemøy-statuen?

Kunstinstallasjon med oransje kvinnesko og handvesker rundt Veslemøy-statuen ved Time rådhus - Klikk for stort bilete Are M. Heiseldal

 

Installasjonen er eit samarbeid mellom Jæren Soroptimistklubb og Time kommune, som markerer kampen mot vald mot kvinner frå 25. november til 10. desember, mellom anna med oransje lys og utstilling ved Veslemøy-statuen ved Time rådhus.

25. november er FNs dag for avskaffing av vold mot kvinner, og kvart skopar eller handveske i utstillinga symboliserer dei som har måtta bøta med livet.  Sidan 2000 er minst 194 kvinner drepne i saker der partnaren er dømd eller sikta for drapet. Kvinner har mykje høgare risiko for å verta drepen av kjærasten eller mannen enn motsatt.

Heldigvis er det slik at me alle kan gjera ein forskjell og bidra til å førebygga mot fleire partnardrap. Bry deg og våg å stilla spørsmål! Det kan gjera ein stor forskjell for den som ikkje klarer å koma seg ut av eit valdeleg samliv åleine.

Dersom du er bekymra for deg sjølv eller nokon du kjenner, kan du kontakta Time kommune sin TryggEst-koordinator for veiledning. Med TryggEst-koordinatoren kan du drøfta det du opplever og følelsar knytt til dette, og få råd om kva som kan vera lurt å gjera. TryggEst-koordinatoren treff du på 404 05 535 frå kl. 12-14 på kvardagar, eller på tryggest@time.kommune.no.

Vert du skada eller truga, eller fryktar du for livet ditt, ring politiet på 112.

Du kan òg kontakta Krisesenteret i Stavanger på 51 53 06 23 og legevakta på 116 117.

Ordførar Andreas Vollsund ved Veslemøy-statuen utanfor Time rådhus - Klikk for stort bileteOrdførar Andreas Vollsund støttar Jæren Soroptimistklubb sin kamp mot vald mot kvinner. Are M. Heiseldal