 Kommunedirektør Trygve Apeland legg fram sitt forslag til budsjett 2026 og handlings- og økonomiplan for 2026-2029 på Bryne Kino 28. oktober 2025.
        Are M. Heiseldal
Kommunedirektør Trygve Apeland legg fram sitt forslag til budsjett 2026 og handlings- og økonomiplan for 2026-2029 på Bryne Kino 28. oktober 2025.
        Are M. Heiseldal
    Planen viser korleis kommunen vil prioritera ressursane sine for å sikra gode og stabile tenester til innbyggarane, samtidig som ein møter dei økonomiske og demografiske utfordringane på ein ansvarleg måte. 
Kommunen sitt driftsbudsjett for 2026 er på 2 milliardar kroner. I økonomiplanperioden er det føreslått investeringar for 734 millionar kroner.  
På rett veg 
– Me har vore gjennom ei krevjande tid, men dei grepa me har teke for å redusera kostnadar og effektivisera drifta har gitt resultat. Det gir oss eit betre grunnlag for å planlegga framtida og sikra gode tenester til innbyggjarane. Ansvarleg økonomistyring er avgjerande for at me skal ha handlingsrom til å møta framtidige utfordringar, seier kommunedirektør Trygve Apeland. 
Etter fleire år med press på kommuneøkonomien er det no ei positiv utvikling i Time. Meirforbruket er under kontroll. Renteutgiftene er framleis høge, men på veg ned, og prisveksten er lågare enn dei siste åra. 
 Økonomisjef Sami Munawar.
        Are M. Heiseldal
Økonomisjef Sami Munawar.
        Are M. Heiseldal
    – Me har ein pågåande omstillingsprosess i tenestene våre, og investeringsnivået er redusert. Framover må me fortsetta å gjera gode prioriteringar og jobba med effektivisering, seier økonomisjef Sami Munawar. 
Investeringar for framtida 
Investeringsnivået i planperioden er redusert med 77 millionar kroner frå førre plan, til totalt 734 millionar kroner. Om lag halvparten av investeringane vil gå til Helse og velferd, der behovet for omsorgsbustadar og sjukeheimsplassar er stort. Bygging av nye sjukeheimsplassar ved Sivdammen er foreslått i planperioden, og vil bidra til å møta behovet for institusjonsplassar i åra som kjem.  
– Befolkningsutviklinga krev at me tenker nytt om korleis me organiserer og leverer tenester. Me må både investera i kapasitet der behovet aukar, og samtidig legga til rette for at innbyggarane kan leva sjølvstendige liv så lenge som mogleg, seier kommunedirektøren.  
Utanom helse og velferd er dei største investeringane knytt til vatn og avløp, og bygging av ny avdeling for alternativ tilrettelagd opplæring (ATO) med oppstart i 2026 og ferdigstilling hausten 2027. 
 Kommunedirektør Trygve Apeland.
        Are M. Heiseldal
Kommunedirektør Trygve Apeland.
        Are M. Heiseldal
    Fortset med omstillingsarbeid 
Time kommune vil halda fram arbeidet med omstilling og effektivisering av tenestene. Dette er nødvendig for å betra netto driftsresultat og redusera gjeldsgraden. Regjeringa har peika på at kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å tilpassa aktivitetsnivået til inntektene gjennom prioriteringar og god økonomistyring. 
Kommunestyret avgjer 
Kommunestyret i Time har eit mål om at kommunen sitt netto driftsresultat skal vera minimum 1,5 %. I kommunedirektøren sitt forslag er dette talet 1,7 % i 2026, men lågare dei neste åra i planperioden. 
Kommunestyret skal behandla forslaget til økonomi- og handlingsplan 10. desember. Vedtaket deira vil legga føringar for kommunen si utvikling dei neste fire åra.
 
Her finn du handlings- og økonomiplanen:
Handlings- og økonomiplan 2026-2029: Kommunedirektøren sitt forslag
Her er ein filmsnutt som forklarar essensen i planen:
Og her kan du sjå heile presentasjonen så fort videofila er klar:
Time kommune nett-TV