Ian er Time kommune sin veterankontakt

Bilde av mann ved hestestatue - Klikk for stort bilete Linn Iren Nilsen Oppedal Ian Karl Mills Johnsen brenn for at dei 84 veteranane i Time kommune skal få den anerkjenninga og respekten dei fortener.

Som veterankontakt har han full oversikt over kommunen sine tilbod til veteranar og deira familiar, og han kan vera eit bindeledd mellom desse om ynskjeleg.

Veterankontakten fungerer òg som eit kontaktpunkt mellom eksterne aktørar inn mot kommunen for veteranrelaterte førespurnadar.

– Veteranar er ein ressurs i samfunnet og sit på mykje kunnskap som andre kan dra nytte av, seier Ian, som sjølv er offiser i Forsvaret og barnebarnet til ein veteran.

Ynskjer du å koma i kontakt med Ian?

Då kan du senda ein epost til:

ian.karl.mills.johnsen@time.kommune.no

eller ringa: 916 98 262

Les meir om tenesta og sjå Time kommune sin veteranplan.