Ordførar i Time Andreas Vollsund klipper snora, med hjelp av bebuarane Stina Nygård (t.v.) og Karina Gullestad.
Eli Westerlund Goodwin
Det var i 2018 at ei foreldregruppe tok kontakt med Time kommune med eit ønske om å bygga eit foreldreinitiativ saman. Sidan den gong har kommunen vore i løpande dialog med foreldregruppa og Husbanken for å få prosjektet realisert.
– I dag feirer me at alle som skal bu her går inn i ein ny fase i livet, i ny leilegheit i eit nytt fellesskap. Dagen markerer ikkje berre ein milepæl, men òg ein sjanse til å skapa noko nytt, nye minne og knytta nye band saman, sa verksemdleiar Stig Soland Kristoffersen i sin tale, før han takka alle som har vore med å gjera prosjektet mogleg.
Time-ordførar Andreas Wollsund og kommunedirektør Trygve Apeland saman med nøgd bebuar Stina Nygård.
Eli Westerlund Goodwin
– Det er de som gjer Nubben bufellesskap til ein levande stad. Nubben er ein plass der me ønsker å dyrka fellesskap og samhald. Her skal me arbeida for å respektera kvarandre sine behov og ta vare på kvarandre. Eg gler meg til å følga dykk vidare!
Snorklippande ordførar
Totalentreprenør Byggelaget stilte med kake til feiringa, mens to av bebuarane og ein av dei pårørande heldt talar under den høgtidelege opninga. Kommunedirektør Trygve Apeland og ordførar Andreas Vollsund hadde teke turen, og sistnemnde fekk det ærefulle oppdraget med å klippa snora, med hjelp av bebuarane Stina Nygård og Karina Gullestad.
– Alle me som har opplevt å eiga eigen bustad veit kor kjekt det er, så det er veldig gledeleg for meg å få opna Nubben bufellesskap. Og så er det gildt å sjå dei fine fellesområda ein kan vera sosiale på, sa ordføraren.
Time kommune og bebuarane i foreldreinitiativ-delen har motteke støtte frå Husbanken i samband med prosjektet.
Stemninga var på topp etter opninga!
Eli Westerlund Goodwin
Are M. Heiseldal