Hjelp Time å vinna tittelen “Jærens sprekaste kommune”

Bli med på årets Sykle til jobben-aksjon som startar 3. mai. I år konkurrerer kommunane Time, Klepp og Hå om å ha dei sprekaste innbyggarane.

Påmeldinga til årets Sykle til jobben-aksjon er nå open. Aksjonen startar onsdag 3. mai og varer til 16. juni. Det er gratis for alle innbyggarar og bedrifter med postadresse i Time å vera med.  

Ved å delta sankar innbyggarar i Time viktige poeng for kommunen sin i den lokale konkurransen mellom jærkommunane. 

Den av dei tre kommunane som får flest innbyggar-poeng totalt under aksjonen, kan smykka seg med den prestisjefulle tittelen  “Jærens sprekaste kommune”. 

Poeng for alle typar fysisk aktivitet

Alle innbyggarar frå 15 år og oppover kan vera med på aksjonen. Du treng verken å ha ein jobb eller eiga sykkel for å delta, for alle typar fysisk aktivitet gjer poeng.  

Eksempel på aktivitetar er:  

  • Gå tur 
  • Dansing 
  • Sykling 
  • Jogging 
  • Badminton 
  • Fotball 
  • Yoga  
  • Fekting 
  • Surfing 

Er du sprekare enn ordføraren? 

Alle Time-innbyggarar som klarer å sanka fleire poeng enn ordførar Andreas Vollsund i løpet av kampanjen, er med i trekninga av 2 stk. Bryne-gåvekort som begge har ein verdi på kr. 1000.  

I tillegg kan du delta på nasjonale utfordringar kvar veke og vinna premiar som treningsutstyr, sykkel og mykje meir.  

Slik melder du deg på:  

  1. Gå inn på www.sykletiljobben.no og trykk “meld deg på” 

  1. Fylg stega med innlogging til Sykle til jobben 2023. 

  1. Vel om du deltek åleine eller med ei bedrift. 

  1. Dersom du deltek med bedrift: Vel bedrift eller opprett bedrifta. Vel så om du vil bli med på eit lag med kollegaer eller delta åleine. 

Viktig info for deg som deltek med ei bedrift: For at dine personlege innbyggar-poeng skal telje med i konkurransen “Jærens sprekaste kommune”, er det viktig at du registrerer postadressa di på din personlege profil. Det er då mogleg for ein timebu som arbeider i ein annan kommune å sanke innbyggar-poeng for Time, sjølv om arbeidsplassen er i ein annan kommune. 

Meir informasjon om kampanjen, konkurransane og poengsystemet finn du på www.sykletiljobben.no