
Innebandy-camp
Frøyland IL arrangerer gratis innebandy-camp for 2.–7. klasse 5.–7. oktober. Aktiviteten finn stad i Frøyhallen frå klokka 09.30 til 14.00 kvar dag. Passar for gutar og jenter, både nykommarar og aktive spelarar.
Deltakarane må ta med matpakke, drikkeflaske, innebandykølle (kan òg lånast), treningsklede og innesko.
Sjå meir informasjon og påmeldingsskjema her:
Bandyforbundet: Gratis innebandycamp i haustferien
.
Haustverkstad hos Studio K
Studio K tilbyr gratis haustverkstad i Møllekaféen, Bryne Mølle, i veke 41:
Kreativ verkstad med Kari Ann Lending Kleiveland, for 2. til 4. klasse, måndag–fredag kl 10–12.
Gjennom uka vil deltakarane utforska ulike materiale – for eksempel det som kan finnast ute i naturen, eller tekstilar og klede som ikkje lenger brukast. Dei vil få laga nye samansettingar og eigne kunstverk. Fredag 9. oktober klokka 12 vert det utstilling av det som deltakarane har laga, og både deltakarar, familie og venner er hjarteleg velkomne.
Det er gratis å vera med, men du må melda deg på på førehand. Påmelding: send namn og alder på deltakar, og kontaktinfo (telefonnummer og e-postadresse til deltakar/føresette) til studiok.prosjektrom@gmail.com eller på SMS til 472 62 667.
JærLAN i Bryne kyrkje
Klar for ei helg fylt med gaming, konkurransar, premiar og skikkeleg god stemning? Frå fredag 9. oktober kl 19.00 til laurdag 10. oktober kl. 19.00 inviterer Varden K.U., Ung Fokus, UKUF og Ung Jæren til eit episk LAN i kjellaren på Bryne kyrkje!
Arrangementet er for 8. trinn og oppover – og plassen å vera enten du er hardcore gamer eller berre vil henga med venner og ha det kjekt. På programmet: Gaming-turneringar, spennande konkurransar, kule premiar og masse sosialt og god hang-out. Pris: 50 kr for kveldspass eller 100 kroner for spelpass med mat.
Meir info og påmelding her:
JærLAN 2026: Info og påmelding
Haustferiecamp hos Bryne Tennisklubb
Bryne Tennisklubb inviterer til tennis og anna moro frå måndag 5. til fredag 9. oktober, klokka 9.00 til 15.00. Oppmøte på klubbhuset i Dronning Mauds gate 1 på Bryne. Pris: 50 kr pr dag, til saman 250 kr for heile veka.
Program:
09.30-10.00 Oppvarming/leik
10.00-11.00 Tennis
11.00-12.00 Matpause (noko lunsj serverast, men ønskeleg at barna har med matpakke i tillegg)
12.00-13.30 Tennis/andre aktivitetar
13.30-14.00 Fruktpause (inkludert)
14.00-15.00 Tennis/fri leik
Påmelding via Spond:
Haustferiecamp Bryne Tennisklubb - Spond
Turnskule
Bryne Turnlag arrangerer turnskule i Vardheihallen i heile veke 41. Meir info kjem snart.
Blå Kors ferieklubb
Blå Kors arrangerer gratis ferieklubb for familiar i haustferien, med plass til 60 deltakarar, måndag 5. og tysdag 6. oktober. Alle barn må vera i følge med ein vaksen. Det vert servert eitt gratis måltid kvar dag.
Program:
Måndag 5. oktober: Tur til Solheim Gard. Avreise klokka 10.15, retur klokka 14.00.
Tysdag 6. oktober: Tur til Kongeparken. Avreise klokka 11.15, retur klokka 17.00.
Oppmøtestad: Saron (utanfor Blå Kors Byne sine lokalar). Reisa går føre seg samla, med buss og to bilar.
Påmelding finn du her:
Påmelding Blå Kors ferieklubb
OBOS-camp med Bryne FK
Bryne FK inviterer til fotballcamp i samarbeid med OBOS og Norsk Toppfotball. Målet med OBOS-camp er å tilby trening med høg kvalitet til alle, uavhengig av ferdigheitsnivå og økonomi. Det er viktig at ungane sjølv er motiverte til å vera med på campen, men elles er einaste føresetnad for påmelding ei vilje til og eit ønske om å læra.
Campen er for årskulla 2016-2019, 2. til 5. klasse. Aktiviteten finn stad i Jærhallen og på Aarbakkebanen, frå måndag 5. til onsdag 7. oktober. Oppmøte ved Jærhallen måndag klokka 09.40, dei andre dagane 09.55. Programmet varar frå 10.00 til 14.00 kvar dag.
Pris: 150 kr totalt (50 kr per dag). Inkluderer lunsj alle dagar, årets OBOS-campdrakt og årets Select-ball.
Meir info og påmelding finn du på Bryne FK sine nettsider (frist 28. september):
OBOS-camp i haustferien / Bryne FK
Handballskule med Lye IL
Lye IL Håndballgruppa og Norges Håndballforbund inviterer alle barn og unge i 1.-7. klasse til REMA 1000 Håndballskole. Opplegget er for alle, enten du allereie spelar handball eller vil prøva for fyrste gong.
Opplegget går frå måndag 5. til onsdag 7. oktober i Lyehallen, frå klokka 09.00 til 15.00 kvar dag. Alle deltakarar får servert lunsj og fruktmåltid kvar dag, og ei utstyrspakke dei kan ta med seg heim.
For informasjon om pris og påmelding, ta kontakt med ALLEMED-koordinator Pervin Khalil i Time kommune:
pervin.khalil@time.kommune.no - eller 921 39 711.
Care4all
Care4all arrangerer fleire aktivitetar i haustferien for barn, unge og familiar:
Måndag 5/10: Gåtur i Kleppelunden + servering.
Oppmøte: Kleppelundvegen kl. 14.00
Onsdag 7/10: Stadion Bowling + servering.
Oppmøte: Trallfavegen 1, 4344 Bryne kl. 14.00
Torsdag 8/10: Grillfest, 1900-huset.
Oppmøte: Gamle Hognestadvegen 12, 4340 Bryne kl. 14.00
Fredag 9/10: Kongeparken.
Oppmøte: Kongsgata 20, 4331 Ålgård kl 13.00
Laurdag 10/10: Ulike inne-/utandørsaktiviteter (1900-huset) + servering.
Oppmøte: Gamle Hognestadvegen 12, 4340 Bryne kl. 12.00
Påmelding til allatcare@gmail.com / 90928372. Skriv namn, alder og kjønn (deg og barna) når du sender melding. Det kan koma endringar på aktivitetane.
Aktivitetane i haustferien vert vert finansierte med midlar frå Bufdir og Time kommune.