Fullsett seminar for pensjonisten
Tradisjonen tru gjekk det årvisse seminaret for pensjonisten av stabelen fyrste tysdagen i juni – og tradisjonen tru var salen i Storstova fullstappa med seniorar på jakt etter gode tips til kvardagen.
Ein fullsett sal i Storstova følger med når dagleg leiar i Pårørendesenteret, Unn Birkeland, står på scena.Over 300 deltakarar hadde funne vegen til kulturhuset på Jæren og seminaret, som arrangerast av Klepp, Time og Hå kommunar. Det varierte programmet for dagen hadde både kulturelle innslag og faglege foredrag om korleis ein sjølv kan legga til rette for eit godt liv som pensjonist.
Tilbakemeldingane frå deltakarane var gjennomgåande gode, og fleire peika på at foredraga var relevante og av passande lengde.
Janne Brit Lindheim på scena under sitt innlegg "Å bu trygt heime".
Sist endra 04.06.2026 15.32