TV2, som skal visa kampen på TV, flytter studioet sitt til Bryne for anledninga, og køyrer livesending på torget før kampen.
Tidlegare på dagen arrangerer Bryne Kino gratis utandørs-visning av animasjonsfilmen “Richard Storken og den mystiske juvelen” på storskjermen.
Program:
Kl. 14-15.30 Visning av animasjonsfilmen “Richard Storken og den mystiske juvelen”
Kl. 16 Dørene opnar for fotball-arrangementet
Kl. 17.45 Program frå scenen med Rogvi Baldvinsson, inkludert utlodding av signert Manchester City drakt
Kl. 19. TV2 startar sendinga frå Bryne torg
Kl. 21. Kampstart Champions League-finale (Man City - Inter)
Praktisk informasjon:
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Grunna sikkerheit vert området rundt Bryne torg sperra av, slik at ikkje fleire enn 3000 personar kan vera på torget samtidig. Inngangane er frå Jernbanegata i aust og Storgata frå vest. NB: Gjester til Mellombels, Bekkis og Hemmeleg må nytta inngangen via Jernbanegata. Gjester til Ritz og India Tandoori må nytta inngangen i Storgata.
Når maks antal personar er nådd, vert det ikkje sleppt inn fleire. Det er med andre ord første mann til mølla som gjeld. Det vert ikkje delt ut billettar på førehand, men serveringsstadane kan ta imot reserverasjonar for sine område (meir informasjon under).
Torget vil vera inndelt i fleire soner under fotball-arrangementet:
Alkoholfritt område midt på torget
Eit større område, midt på torget, vil vera alkoholfritt. Her vert det sal av brus, mat, snacks og fotballdrakter. I dette området vil det vera eit par hundre sitteplassar, og ståplass til om lag 1500. Det er ikkje lov å ha med seg campingstolar, barnevogner eller andre gjenstandar som kan vera til hinder ved ei eventuell evakuering. Det er eit begrensa antal plassar reservert for rullestolbrukarar i dette området. For tilgang til desse må ein nytta inngang frå Storgata i vest.
Serveringsstadar rundt torget
Serveringsstadene rundt torget får utvida områda sine for uteservering denne kvelden. Ønsker du å reservera bord på ein av stadene, må du kontakta den aktuelle serveringsstaden direkte. Gjester ved desse serveringsstadane vil ikkje ha tilgang til å bevega seg inn på det alkoholfrie området midt på torget.
Visning av kamp på serveringsstadar innandørs
Tre av serveringsstadane i Bryne sentrum vil i tillegg ha visning av kampen innandørs. Dette gjeld Fabrikken, Thime Station og Møllehagen Sportsbar. Ønsker du å reservera bord på ein av stadene, må du kontakta den aktuelle serveringsstaden direkte.
Me oppfordrar alle til å visa omsyn ovanfor andre, slik at dette vert ein kveld for historiebøkene - med ekte fotballglede og samhold på Bryne torg!