Her vart det stopp ei stund, men nå pågår arbeidet for fullt.
Are M. Heiseldal
Særs utfordrande grunnforhold har ført til ganske store forseinkingar i arbeidet med å setja opp toalett på andre sida av turvegen for grassletta i Sandtangen. Toalettet treng tilkopling til vatn, kloakk og straum, og leidningar og røyr skal leggast frå rådhuset, under brua og langs turvegen.
Under arbeidet støytte arbeidarane på store mengder stein i bakken. Nå er me tross alt på Jæren, så dette var ikkje i seg sjølv overraskande, men grunnforholda var verre enn antatt, og framdrifta nådde ikkje andre sida av elva før starten av juni. Konsekvensen av dette er at ferdigdatoen på toalettet må forskyvast.
Me håpar nå å kunne opna toalettet for bruk i veke 35, altså siste veka i august. Me beklagar ulempene forseinkingane fører til, og lovar at me jobbar så fort me kan for å verta ferdige. Og så trur me det vert ei kjempebra løysing når alt er på plass!
Arbeidet starta nede til venstre i veke 18, og skal no etter planen avsluttast oppe til høgre i veke 35.