Det er nå oppdaga fugleinfluensa i fem fjørfehus i Rogaland, tre av dei er i Klepp. Det betyr at restriksjonssona har flytta seg sørover og omfattar større delar av Time kommune.
Mattilsynet
Restriksjonssona består av to soner:
-Vernesone (3 km radius rundt utbrotet)
-Overvakingssone (10 km radius rundt utbrotet)
I tillegg til desse to sonene er det innført ei infisert sone i følgjande kommunar i Rogaland:
Stavanger, Randaberg, Sola, Sandnes (unntatt tidlegare Forsand), Klepp, Time og Hå.
I den infiserte sona er det jaktforbod og portforbod for fjørfe for å redusere risiko for direkte og indirekte kontakt mellom tamme fuglar og ville fuglar som kan bera med seg smitte.
Les meir om restriksjonar i den infiserte sona på denne sida:
Ikkje ta på daude eller sjuke fuglar
Fugleinfluensa smittar svært sjeldan til menneske. Likevel tilrår Mattilsynet følgjande føre-var-råd:
- Ikkje ta på sjuke eller daude fuglar.
- Ikkje ta med deg fuglar heim for å gje dei pleie.
- Meld frå til Mattilsynet dersom du finn sjuke eller daude fuglar, slik at vi kan vurdere behov for prøvetaking.