Felles markering av frigjeringsdagen i Sandnes

Torsdag 8. mai er det 80 år sidan Noreg vart eit fritt land etter andre verdskrigen. Som tidlegare år vert frigjeringsdagen og veterandagen markert med eit felles arrangement på Ruten i Sandnes, med fylkesordføraren og ordførarane frå 15 kommunar i Sør-Rogaland til stades.

Norsk flagg mot blå himmel - Klikk for stort bilete

 

Ordførarane i Gjesdal, Hå, Hjelmeland, Klepp, Randaberg, Sandnes, Sola, Stavanger, Lund, Sokndal, Egersund, Time, Bjerkreim, Kvitsøy, Strand og Rogaland fylkeskommune har gleda av å invitera til den høgtidelege markeringa med kulturelle innslag og talar.

Program

Kl. 16.20: Oppstilling av soldatar på rådhusplassen.

Kl. 16.25: Klepp Hornmusikk marsjerer frå rådhuset saman med soldatane til Ruten og tek oppstilling.

Kl. 16.30: Oppstilling av æresvakter frå NVIO (Norges Veteranforbund for Internasjonale Oppdrag) og ordførarar på scena. Kenny Rettore ønsker velkommen. 

  • Klepp Hornmusikk speler «Fagert er landet»
  • Tale av statssekretær i Utanriksdepartementet, Eivind Vad Petersson
  • Trompetist Kristian Aslak Baasland Carstensen speler
  • Medalje-seremoni ved Øystein Fossum Nilson, HV-08 (Heimevernet Agder og Rogaland)
  • Korsong ved Sandnes kulturskole sitt barnekor
  • Tale av prost Tom Krager, Sandnes prosti
  • Trompetist Kristian Aslak Baasland Carstensen speler
  • Kransenedlegging ved Eivind Vad Petersson og Øystein Fossum Nilson
  • Eitt minutts stille
  • Klepp Hornmusikk speler «Gud signe vårt dyre fedreland»
  • NVIO-soldatens tale av Lotteforeningen
  • Korsong Sandnes kulturskole sitt barnekor
  • Kyrkjeklokkene ringer
  • Ordførar i Sandnes kommune Kenny Rettore avsluttar arrangementet
  • Klepp Hornmusikk - Marsj

Arrangementet er ope for alle. Velkommen!