Erling Braut Haaland gir kongesagaene og lesinga til heimstaden - Hovedportal

Erling Braut Haaland gir kongesagaene og lesinga til heimstaden

… eller, om du vil, “Vikingen gir forteljinga om vikingane til heimstaden sin”:

Mattis Størssøn si Snorre-versjon som nå vert gjeven til Time kommune - Klikk for stort bileteMattis Størssøn si Snorre-versjon som nå vert gjeven til Time kommune.

Alle folk har sine historier. Noko dei fortel igjen og igjen for å minna seg sjølv på kven dei er. I Noreg er Snorre sine kongesoger, Heimskringla, den fremste av alle slike forteljingar. Frå islendingen Snorre Sturlasson skreiv dei ned på midten av tolvhundretalet og heilt til i dag har desse historiene om kongar, dronningar, bønder og krigarar i Norge i mellomalderen vore felleseige. Fyrst som munnlege overleveringar, så som sirlege manuskriptsider og til slutt som boksider. 

Den aller fyrste trykte utgåva av kongesagaene til Snorre på norsk, eller norskdansk som dei brukte då, kom i 1594. Det var enno før det fanst trykkpresser i Noreg, boka vart trykka i Danmark og baserte seg på omsetjinga til lagmann, vitskapsmann og eventyrar Mattis Størssøn. Denne boka var byrjinga på Snorre slik me kjenner han i dag, den største av alle forteljingar om vikingane i Noreg. Og no har fotballspelaren, toppscoraren og jærbuen Erling Braut Haaland, han som vert sett på som ein viking i heile verda, gitt det einaste eksemplaret som finst igjen av denne utgåva til heimstaden sin. Til biblioteket på Bryne, til folk i Time og Noreg, og med den har han gitt ungdommane i Time ei utfordring. Han vil ha dei til å lesa.

Erling Braut Haaland og Andreas Vollsund "gjev kvarandre olbogen" på eit arkivbilete - Klikk for stort bileteArkivfoto av Erling Braut Haaland og ordførar Andreas Vollsund på ordføraren sitt kontor. Time kommune

Erling Braut Haaland kjøpte saman med faren Alfie det einaste eksemplaret som er igjen av Mattis Størssøn si utgåve av Snorres kongesoger. Det var skipsreiar og samlar Johan Odfjell som selde han.

Boka vart ikkje kjøpt for å gøymast bort, ho vart kjøpt for at folk i Noregs skulle få glede av ho. Difor har Erling Braut Haaland vald å gi boka til Time kommune, under føresetnad om at boka vert stilt ut og gjort tilgjengeleg for folk på biblioteket på staden han kjem frå. Den allmennyttige stiftinga EH9 Foundation vil i samarbeid med Time kommune og bibliotek legga til rette for at boka kan stillast ut i sikre omgjevnader til glede både for timebuen og dei som kjem på vitjing. 

«Eg har aldri vore ein stor lesar, men eg vil at boka alltid skal ligga slått opp sånn at ein kan lesa om dei som kom frå mine stadar, frå Bryne og Jæren» seier Erling Braut Haaland i ein kommentar. «Då er det lettare å få lyst til å lesa, når ein kan kjenna seg igjen i dei som det vart skrive om». 

Og det er denne leselysta Erling ynskjer at boka skal bidra til å skapa. Erling og Alfie, som begge har levd av fotball heile livet, har gitt boka til Time kommune og biblioteket på Bryne for å gi gleda over historier, forteljingar og lesing til langt fleire enn dei som lever av å spela fotball.

«Eg lever draumen min, men den er diverre for dei få. Eg har sett korleis bøker gir mange fleire moglegheita til å drøyma, og til å leva ut draumane sine,» seier Erling. Saman med faren og stiftinga EH9 Foundation har han no bedt Time kommune om å starta ein lesekonkurranse i samband med at dei får boka. 

Konkurransen, som skal arrangerast av Time kommune, startar i skuleåret 2026/2027. Då vert elevane på mellomtrinnet og ungdomsskulen i Time inviterte til å lesa så mykje dei klarar, og dei klassane som til slutt vinn, vert invitert til Ullevaal til kamp saman med Erling Braut Haaland og resten av landslaget. 

Time bibliotek - Klikk for stort bileteTime bibliotek, der boka skal stillast ut. Asle Haukland

«Me er svært takksame», seier ordførar i Time kommune, Andreas Vollsund. «Takksame for denne utruleg generøse gåva, takksame for at Erling, som er den mest kjende nordmannen i verda, aldri gløymer kor han kjem frå, men ikkje minst er me takksame for at han, Alfie og EH9 Foundation gjer oss moglegheita til å gjera noko av det aller viktigaste me kan gjera for ungdommane våre, gje dei leseglede.»

Det er skulane i Time som skal arrangera lesekonkurransen, og det er ikkje tilfeldig at det er nett her Erling og Alfie startar denne innsatsen. Foreldra til Alfie og ei rekke andre i familien har vore lærarar i skulen her, og både Erling og Alfie har gått på skulen i Time. «Røter er viktig» seier Alfie Haaland i ein kommentar. «Me har røtene våre her i kommunen, og så har me alle djupe røter som ein kan finna i forteljingane i Snorre sine kongesoger. Me håper at både boka og konkurransen kan gi glede og at det kan vera med å laga røtene for nye generasjonar i Time.»

Litt om boka

Mattis Størssøn levde frå rundt 1500 til 1569. Då han døydde, var han lagmann i Bergen og ein leiande skikkelse i det begynnande norske vitskaplege miljøet. Størssøn si personlege historie er berre delvis kjent; ein veit til dømes ikkje sikkert kvar han vart fødd. Men han var knytt til Sør-Vestlandet, både gjennom slekt og eigedom, han var blant anna befalingsmann på Utstein. Som lagmann var Mattis Størssøn sentral under og etter reformasjonen. I 1564 skal han til og med ha vore med på å gjenerobra Steinvikholm slott nord for Trondheim frå svenskane. Seinare drog han med krigsskip til Nord-Norge for å sikra landsdelen for den danske kongen. 

Størssøn var ein av dei fyrste som omsette gamle sagatekstar frå norrønt til moderne dansk eller dansknorsk, og var dermed heilt avgjerande for at desse kjeldene og forteljingane igjen vart tilgjengelege for folk i Noreg. Han samla omsetjingane sine i eit manuskript han kalde «Den norske Krønike om de fremfarnne Konger, Herrer och Förster, som hafue veldeligenn regieredt och styredt Norriges Rige, vddragenn gamle Norsche paa Dansche.»

Hovuddelen av manuskriptet er ei omsetjing og gjenforteljing av Snorres kongesagaer, saman med ei omsetjing av Sverres saga og Håkon Håkonssons saga. Størssøn arbeidde med opptil fleire norrøne manuskript då han sette saman sin versjon. Me veit òg at han har nytta det latinske manuskriptet til den danske historikaren Saxo. 

Manuskriptet til Størssøn vart først gitt ut som bok i 1594, meir enn tjue år etter at forfattaren sjølv gjekk bort. Den vart lesen av mange i samtida og i hundreåra etter, og er rekna som den aller fyrste trykte historia om Norges eldste historie. Utgåva som Erling Braut Haaland og Alfie Haaland har gitt til Time kommune er det einaste gjenverande eksemplaret av den opphavelege utgåva i privat eige. Ho er i to bind, trykt i København i 1594. Boka vart seld for over ein million, noko som er den høgaste prisen som nokon gong er betalt for ei norsk bok. Det er ei bok som er heilt sentral, både i norsk historie, norsk bokhistorie og ikkje minst i forteljinga om Noreg slik me kjenner ho. Stiftinga EH9 Foundation har saman med Time kommune forplikta seg til å stilla boka ut i Time, slik at ho vert folkeeige igjen.

Mattis Størssøn si Snorre-versjon som nå vert gjeven til Time kommune - Klikk for stort bileteMattis Størssøn si Snorre-versjon som nå vert gjeven til Time kommune.

 

Time kommune jobbar nå med korleis lesekonkurransen for skuleåret 2026/27 skal leggast opp. Me kjem tilbake med meir informasjon både om boka, korleis ho praktisk skal stillast ut på biblioteket og når ho kjem, og lesekonkurransen.