
Har du nokon i hus, eller kanskje eit barnebarn, i målgruppa? Få dei med på Sommarles!
Deltakarane samlar XP (poeng) ved å løyse oppgåver, stikke innom det lokale biblioteket for å hente kodeord, og framfor alt, lese og registrere så mange bøker dei berre orkar gjennom heile sommarferien! Deltakarane får dessuten eksklusiv tilgang til ei spesialskriven Sommarlesforteljing – Gåterullmysteria – av forfattar Mari Moen Holsve.
Deltakarane vinn digitale trofé og små premiar dei kan hente på biblioteket. Det er mange forskjellige premiar å velje mellom, og deltakarane får beskjed når dei har samla nok XP til å hente ein premie.
I fjor deltok over 172 000 barn i kampanjen, som har som mål at barna skal lesa så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie. Dei ansatte på Time bibliotek ønsker alle velkommen til å låna bøker og henta premiar i sommar! Hugs at kampanjen òg gjeld for skulestartarane, og dei som skal begynna i 8. klasse.
Les meir på sommarles.no – der kan du òg høyra litt av forteljinga allereie nå!
PS! For dei som treng tilrettelegging i lesinga, for eksempel ved dysleksi, ADHD eller anna som gjer det vanskeleg å lesa fysiske bøker, kan ein registrera seg på Tibi (Tilrettelagt bibliotek), og få tilgang på for eksempel lydbøker. Tibi har òg Sommarles-fortellinga i tilrettelagt form.