Frå venstre kommunedirektør Trygve Apeland, ordførar i Baturyn Leonid Dusja, ordførar i Borzna Larysa Osadtsjuk, ordførar i Vysoke Oleh Vasylenko og Time-ordførar Andreas Vollsund i kommunestyresalen.
Are M. Heiseldal
Ordførarane var i Noreg for å vera med på ein konferanse i regi av KS (Kommunesektorens organisasjon), og då var det naturleg at dei òg tok turen innom Time.
Møteverksemd på rådhuset i samband med Ukraina-besøket.
Are M. Heiseldal
I løpet av det to dagar lange opphaldet på Jæren fekk dei mellom anna besøka skular, sjukeheim, idrettslag og bedrifter i kommunen vår. Det var òg tid til eit møte med psykososialt kriseteam, der det vart utveksla erfaringar med korleis kommunar kan følge opp menneske i krise på best mogleg måte.
– Norske og ukrainske kommunar har mange fellestrekk og mange av dei same ansvarsområda. Me ser at me kan lære mykje av kvarandre gjennom dialog og erfaringsutveksling. Det er òg viktig for oss å visa at Time kommune og Noreg står saman med Ukraina i den situasjonen dei er i, seier ordførar Andreas Vollsund.
Ordførar Andreas Vollsund viser Oleh Dusja utsikten frå toppen av høghuset.
Odd Ivar Nese
Under besøket på Rosseland skule oppstod det ein sterk augeblink då ordføraren frå Borzna, Larysa Osadtsjuk, fekk melding om at alle elevane i hennar kommune måtte gå i bomberom på grunn av flyalarm samtidig som ho snakka med elevar på Rosseland.
– Denne krigen har endra liva våre, planane våre og draumane våre. Eg skulle gjerne invitert dykk på besøk til Ukraina, men det er ikkje trygt. Eg håpar at me kan oppretta kontakt mellom dykk og elevar i min kommune, slik at de kan skriva til kvarandre og verta betre kjende, sa ho til elevane på 5. trinn på Rosseland.
I første omgang vil det vidare samarbeidet handla om barn og unge. Det er avtalt at nokre skuleklassar i Time skal ha samarbeid med skular i Ukraina, og det vert òg arbeidd for å få til ungdomsutveksling i 2026.
Glade ordførarar med kvar si Bryne-drakt med påtrykt namn.
Reid Ivar B. Dahl