ⓘ Aktuell informasjon

Barn og unges kommunestyre 2026

Torsdag 26. november blei årets Barn og unges kommunestyre gjennomført. 44 representantar frå dei elleve barne- og ungdomsskulane i Time kommune møttest for blant anna å diskutera skjermbruk i skulen. 

Bryne ungdomsskule sine representantar til Ungdommens kommunestyre 2026 - Klikk for stort bileteBryne ungdomsskule sine representantar til Ungdommens kommunestyre 2026, saman med ordførar Andreas Vollsund.

I møtet delte representantane tankar og erfaringar om korleis ein kan finna balansen mellom det digitale og det analoge i skulekvardagen.

Elevane fekk òg svar på fleire spørsmål dei på førehand hadde sendt inn til ordføraren. Engasjementet var stort, og mange hadde både klare synspunkt og oppfølgingsspørsmål. 

Til slutt skulle representantane bestemma kva dei 75.000 kronene som kommunestyret rår over, skulle brukast til. Avstemminga var jamn, men eit fleirtal stemde for at fritidsklubbane skal arrangera vår- eller sommarball for elevar på mellomtrinnet og ungdomstrinnet. Forslaget kom frå Bryne ungdomsskule.