Varsel om forsinkingar og mogleg nedetid

Grunna nødvendige systemoppdateringar, kan det oppstå forsinkingar og nedetid i nokre av dei digitale tenestene våre i perioden fredag 26. mai-måndag 5. juni. Det kan oppstå forseinking i saksbehandling, og postlister og møtesaker kan verta utilgjengelege på nettsida vår i perioden. 

Me beklagar eventuelle ulemper dette medfører. 

Varsling ved driftsforstyrringar

Om vatnet har ubehageleg lukt eller har brun eller gul farge, eller om trykket er lågare enn normalt, kan dette skuldast eit pågåande vassbrot eller vedlikehaldsspyling på leidningane i området. Som regel får brukarane melding om dette på sms i forkant.

Prøv å la første eller lågaste kaldvasskran i bygget renna, og sjå om vatnet blir normalt igjen. Om du ikkje får løyst problema, ta kontakt med beredskapsvakta i kommunen.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00