Næringsavfall

Alle som driv næring er pliktige til å ha ei renovasjonsordning.

Næringsdrivande kan bestille eiga renovasjonsordning gjennom eit eigna privat renovasjonsselskap. Slike selskap har godkjenning for å henta og levera alle avfallstypar på korrekt måte. Det finst fleire aktørar i Rogaland. Dei aller fleste vil kunna gi gode råd om kjeldesortering, handtering av avfallet og om kva som vil løna seg for di verksemd.

Dersom avfallet av type, samansetning og mengd liknar på hushaldsavfall, er det mogleg å bestilla renovasjonsabonnement gjennom Time kommune. Reglar om sortering og henting vil då vera som for vanlege hushaldsabonnentar.

Avfallsforum Rogaland

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00