Pågåande prosjekt

Pågåande prosjekt

Overvass- og trafikksikringstiltak i Kong Haakons veg

Time kommune er i gong med planlegging av overvass- og trafikksikringstiltak i Kong Haakons veg, sone 3 (PNG, 3 MB) (blå sone i kartet). Prosjektet vil bli lyst ut som ein prosjektkonkurranse, kor det vert lagt vekt på bruk av vatnet som ein ressurs og samstundes ha fokus på trafikksikring. Prosjektet skal etter planen ferdigstillast sommaren 2021.

Har du innspel og/eller merknader, send dette inn som ein merknad til reguleringsplan 0518.00.

Kontaktpersonar:
Spørsmål om reguleringsplanen: wibecke.natas@time.kommune.no
Andre spørsmål: arvid.vistnes@time.kommune.no

Overvasstiltak i Elisberget aust/Tjødnavegen

Dette anlegget har vore ute på anbod. Grunnservice er tildelt kontrakten for anlegget.

Kontaktpersonar:
Prosjektleiar: Øyvind Østbø (oyvind.ostbo@time.kommune.no)
Byggeleiar: Lars Stunes (lars.stunes@ivar.no)

Overvasstiltak Rosseland - Kjeldevegen med fleire

Omkøyringsvegar på Rosseland gjeldande frå den 12. september 2019 til den 25. oktober 2019.

I samband med anleggsarbeid i Kong Haralds gate, vert gata stengd for trafikk til og frå Kong Haakons veg. Adkomst til Kong Haralds gate 1, 3, 5, 7, 9 og 11, kjem ikkje i konflikt med pågåande arbeid, desse kan difor nytta adkomst frå Kong Haakons veg som før.

Omkøyring til Kong Haralds gate for køyretøy, vert gjennom Hetlandsgata og nye Bjørnøyavegen.

Gåande kan passera anleggsområdet i Kong Haralds gate, frå Kong Haakons veg eller Olav Kyrres gate, på veg til eller frå friområde/tidlegare balløkke, i samsvar med vedlagd kartskisse.

Gåande og syklande følgjer raud stipla line og køyrande følgjer blå stipla line i kartet under.

Ved spørsmål om pågåande anleggsarbeid, kan Jan Sørheim kontaktast på telefonnummer 468 65 016.

Kart (JPG, 2 MB)  

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00