Vindmøller og solenergianlegg


Dei siste åra har det vore auka fokus på lokal småskala produksjon av elektrisitet grunna endringar i markedet for elektrisk kraft. Dette gjeld både til eigen bruk på gardsbruk m.m. og for sal. Særleg har vindkraft og solenergianlegg fått mykje merksemd. Desse anlegga vil føra til inngrep i LNFR-område (landbruks-, natur, frilufts- og reindriftsområde). Etter plan- og bygnignslova er det eit grunnleggande krav om at omfang og lokalisering av slike tiltak skal vera avklart gjennom arealplan. Time kommune er blant mange kommunar som manglar føringar for slike tiltak i arealplan.
 

Time kommune har difor 19.03.2024 vedtatt retningslinjer for mindre vindmøller og solenergianlegg i LNFR-områda (PDF, 371 kB). Desse er meint å vera til hjelp for grunneigarar, tiltakshavarar og kommunen ved søknadar om slike tiltak. Retningslinjene skal evaluerast innan 2026. Ved rullering av kommuneplanen vil det vurderast om det er trong for å ta inn eigne føresegner og retningslinjer for desse tiltaka.