Kva er søknadspliktig?

Skal du bygga ein garasje, bod, tilbygg eller anna bygning på eigedommen din? Direktoratet for byggkvalitet har ein eigen rettleiar som kan hjelpa deg å avklare om du treng å søka.

Før du starter å byggje må du alltid sjekka kva reglar som gjeld for eigedommen din. Desse finn du i arealdelen til kommuneplanen, i kommunedelplan, i reguleringsplan eller områdeplan. Informasjon om gjeldande planar finn du på kommunen si nettside.

Du kan fleire byggje terrassar og tilbygg utan å søke. Kva tiltak dette gjeld finn du på Direktoratet for byggkvalitet si informasjonsside om dette temaet.

 

Det er 3 ulike typar byggesaker. Les meir om desse under kvar fane.

Byggetiltak som må søkast om av eit ansvarleg føretak
Byggetiltak kor du kan senda inn søknad sjølv
Byggetiltak som ikkje treng å søkast om