Jæren kommuneadvokat KO er eit kommunalt oppgåvefellesskap oppretta av Hå, Gjesdal, Klepp og Time kommunar, om felles kommuneadvokatteneste. Advokatane utfører arbeid for alle deltakarkommunane.
Samarbeidet består av seks advokatar som har hovudkontor på Time rådhus, men kontordagar i alle kommunane. Formålet med fellesskapet er å gje kommunane enklare tilgang til advokatar med eit vidt spekter av kompetanse.
Advokatane som jobbar i Jæren kommuneadvokat KO. Frå venstre Sindre Tryggeseid Meling, Gry Jenny Næsheim, Ian Karl Mills Johnsen, Kristin Haugstad Fernholt, Johnny Helleren og Sirén Harbo.
Elin Nærland
Advokatane
Kommuneadvokat Kristin Haugstad Fernholt
Kristin Haugstad Fernholt kan gje bistand innan dei fleste av kommunen sine rettsområde.
Advokat Ian Karl Mills Johnsen
Ian Karl Mills Johnsen kan gje bistand innan dei fleste av kommunen sine rettsområde.
Advokat Gry Jenny Næsheim
Gry Jenny Næsheim kan gje bistand innan dei fleste av kommunen sine rettsområde. Ho har spesialisering innan plan- og bygningsrett.
Advokat Sirén Harbo
Sirén Harbo kan gje bistand innan dei fleste av kommunen sine rettsområde. Ho har spesialisering innan entrepriserett og tvisteløysing/prosedyre.
Advokat Sindre Tryggeseid Meling
Sindre Tryggeseid Meling kan gje bistand innan dei fleste av kommunen sine rettsområde. Han har spesialisering innan arbeidsrett.
Advokat Johnny Helleren
Johnny Helleren kan gje bistand innan dei fleste av kommunen sine rettsområde.
Sist endra 05.01.2026 13.47