Salsbevilling for alkohol

Daglegvarebutikkar, bryggeriutsal og spesialforretningar for øl og mineralvatn må søka om bevilling for å selga drikke med inntil 4,7 volumprosent alkohol. Time kommune sine alkoholpolitiske retningsliner går det fram kva salstider som er tillatt i kommunen.

Søk om salsbevilling her

Før du søker om salsbevilling

Du må skaffa desse vedlegga før du kan senda inn søknaden:

  • Firmaattest for alle selskap som er involverte i drifta.
  • Skatteattest for den som har det økonomiske ansvaret for verksemda (den som søkjar om bevilling).
  • Vitnemål om bestått kunnskapsprøve etter alkohollova for styrar og vara.
  • Teikning av areala
  • Leige- eller framleigeavtale for inne/utelokala.
  • Dokumentasjon for styrar og vara si tilknyting til staden.
Behandling av søknaden

Det kan ta opp til 10-12 veker å få søknad om salsbevilling behandla. Dersom politiet har merknad til søknaden, eller om du sjølv gjer endringar undervegs, vil det kunna ta lenger tid. I Time kommune er det formannskapet som gir sals-og skjenkebevilling og tidspunkt for vedtak er avhengig av når det er møte. Du bør senda søknaden til kommunen så tidleg som mogleg og ikkje seinare enn tre månader før planlagt oppstart av verksemda. Ta gjerne kontakt med kommunen på telefon 51 77 60 00 eller post@time.kommune.no for å få avklart når du kan forventa å få søknaden behandla. 

Me gjer merksam på at saksbehandlingstida vert rekna frå det tidspunkt når søknaden er levert inn med alle obligatoriske vedlegg.

 

Endring i bevillinga

Endringar som skifte av styrar eller vara, skifte av eigarar, endring av selskapsforhold eller driftskonsept krever at kommunen skal varslast om endringane.

  • Skifte av styrar/vara: kommunen skal varslast umiddelbart. Ny styrar/vara skal godkjennast av kommunen. - Søknadsskjema for ny styrar/vara 
  • Gjeldande bevilling fell bort ved endringar som eigarskifte/overdragelse av verksemd eller endringar i selskapsform. Ny eigar kan driva i inntil tre månader på førre eigar si salsbevilling dersom kommunen er varsla.  Det skal søkast om ny bevilling snarast mogleg og seinast innan 30 dagar etter overdraginga. Kommunen kan innvilga 4 veker ekstra viss søknaden ikkje er behandla innan 3 månader etter overdraginga.
  • Endring i driftskonsept skal varslast til kommunen i forkant. Det må då søkast om ny salsbevilling.
Skjenkekontroll og kunnskapsprøva i alkohollova

Kontroll med skjenke-og salsbevillingane i Time kommune vert utført av ein interkommunal skjenkekontroll i regi av Rogaland brann og redning IKS.

Dersom skjenkekontrollen avdekker at skjenke- eller salsstaden bryt reglane i alkohollova, vert det gitt reaksjon i form av prikktildeling. Fleire brot på alkohollovgivninga vil kunna føra til at salsstaden får inndrege bevillinga for kortere eller lengre tid. Kommunen kan også ta frå innehavar bevillinga permanent.

For å verta godkjent som styrar eller vara må du ha bestått kunnskapsprøva i alkohollova. Det er skjenkekontrollen som arrangerer desse. Les mer om skjenkekontrollen og påmelding til kunnskapsprova.

Omsetningsoppgåve for alkohol

Alle salsstader som har skjenkebevilling må senda inn oversikt over kor mykje alkohol (liter)dei forventar å selja neste år(omsetningsoppgåve). Ut frå omsetningsoppgåva gjer kommunen ei berekning på kor stort gebyr som bevillingshavar må betala til kommunen. 

Gebyrsatsar for sal av alkoholhaldig drikk kjem fram i alkoholforskrifta.

Fyll ut skjema for omsetningsopgåve