Tilskot til drenering

God drenering er avgjerande for å kunna auka matproduksjonen i åra som kjem. Det er også eit viktig ledd i å tilpassa jordbruket til eit endra klima med meir nedbør. God drenering reduserer faren for erosjon frå jordbruksareal og bidreg på den måten til god vasskvalitet og eit godt vassmiljø. Godt drenert jord slepp dessutan ut mindre lystgass enn vassmetta jord.

Korleis søka?

Mer informasjon om kven som kan søka, rettleiing og søknadsmateriell finn du på landbruksdirektoratet.no.

Søknad om drenering må sendast digitalt via Altinn. Det skal leverast inn grøfteplan og kart saman med søknadsskjemaet.

Behandling

Kommunen mottek og behandlar søknadane, og gjev rettleiing til søkarar. 

Tilskotet utgjer inntil 2500 kroner per dekar eller 38 kroner per løpemeter ved mindre grøftearbeid. 

Frå 1. juli 2023 er satsane kr. 4.000 pr dekar ved systematisk grøfting, og kr. 61 pr. meter grøft ved anna grøfting. 

  • Arealet må tidlegare ha vore grøfta og arbeidet må ikkje vera igangsett.
  • Det må leverast inn søknad og ligga føre ein godkjent grøfteplan før arbeidet vert sett igang 
  • Kommunen betalar ut tilskotet etter at søkar har dokumentert at tiltaket er gjennomført og det ligg føre eit grøftekart.
  • Søkar må ta kontakt med kommunen mens arbeidet pågår eller umiddelbart etterpå.
  • Tiltaket må vera gjennomført innan tre år frå då søknaden vart innvilga.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00