Tilskot frå regionalt miljøprogram (RMP)
Alle landbruksføretak kan søka tilskot for å gjera miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Det er mogleg å søke tilskot frå 15. september.
Søknadsfristen er 15. oktober.
Miljøprogramma skal fremma særskilde miljømål i jordbruket:
- redusera forureining til vatn og luft
- ivareta kulturlandskap og kulturminne
- tilrettelegga for friluftsliv
- ivareta biologisk mangfald
Statsforvalteren i Rogaland har eit eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak du kan få tilskot for å utføra. Tiltaka vert bestemte ut frå kva Statsforvalteren i Rogaland ser på som dei største miljøutfordringane i fylket. Kommunen mottek og behandlar søknadane og skal gje rettleiing til søkaren.
Du finn meir informasjon om kvem som kan søka, rettleiing og søknadsmateriell på Statsforvalteren i Rogaland og på Landbruksdirektoratet.
Sist endra 28.09.2026 10.46