Bryne symjehallBryne symjehall finn du i bygget til Bryne ungdomsskule.Bassenget er på 25 meter, er 2,7 meter djupt og har fem banar. Temperaturen i vatnet ligg på 27 grader. Det er ikkje låsbare skap i garderobane. Opningstider Tysdag og fredag kl. 18.00 - 19.00Familiebading og bading for jenter og gutar opp til 16 årTysdag og fredag kl. 19.00 - 20.00Bading for vaksneStengt for offentleg bading måndag, onsdag, torsdag, laurdag og sundagBryne symjehall held stengt når skulane har ferie/fridagar. For endring av opningstider på kort varsel, sjekk vår Facebook-side.Timeplan og utleigeoversikt (DOC, 58 kB) Kjøp billett Billettprisar symjehallane, pris pr 01.01.2025 Billett Pris Barn og vaksne 55 KJØP BILLETT Du kan og kjøpa billett i døra og betala med kort. Ordensreglar Det er ikkje tillate å bruka sko i garderobar eller symjehall Alle som badar må ha full hår- og kroppsvask med såpe og utan badetøy før ein går i bassenget eller badstua. Det er påbode å dusja etter badstua dersom ein skal i bassenget etterpå Det er påbode med badehette i symjehallen Personar med opne sår, plaster og bandasjar har ikkje tilgang til bassenget Personar med fotvorter, må dekke til desse med pose eller sokkar både i garderobar og i symjehallen Ikkje gå i badstua eller bassenget om du føler deg uvel Personar med smittsamme sjukdommar har ikkje tilgang til bassenget Barn under 10 år skal ha følgje med vaksne. Det same gjeld dei over 10 som ikkje er symjedyktige. Eting, røyking, tyggegummi, snus eller anna som kan forureina er ikkje tillate i basseng og garderobar Rusmidlar er forbode Det er ikkje lov å springa på kanten Dytting og neddykking av andre er forbode Det er ikkje lov å bruka kamera, mobil eller nettbrett Ansvarleg for kvar gruppe skal sjå til at gjeldande ordens- og sikringsreglar vert følgde, og eventuelt visa bort personar som ikkje rettar seg etter desse Bryne symjehall Sist endra 18.08.2025 12.09