Fotland mølle

Fotland mølle, bygd i 1845, ligg idyllisk til ved Fotlandsfossen, den største fossen på Jæren. Dei restaurerte bygga er i dag museum og utstillingslokale for kunst.

Området ved Fotlandsfossen har i uminnelege tider vore knytt til kvern- og mølledrift. Fotland mølle var i drift heilt fram til 1968. I 1995 vart mølla gjenopna som museum og utstillingslokale. I same området finn du óg Fotland kraftstasjon, som i dag er vasskraftmuseum.
 

Utstillingsprogram sesongen 2025

FOTLAND MØLLE – UTSTILLINGSPROGRAM 2025

Opningstider
  • Frå palmesundag til desember: sundagar og heilagdagar kl. 12 - 16
  • Vinterhalvåret: Stengt
  • Besøk og formidling utanom fast opningstid: Kontakt Time kommune, post@time.kommune.no / tlf. 51 77 60 00

Sal av kaffi og lappar i mølla. Sal av kvalitetsbrukskunst i Torvhuset rett ved sida av hovudbygget.

Billettprisar
Billettprisar Fotland mølle
Billett Pris
Vaksen 30 kr
Under 18 år Gratis

 

Utleige

Fotland mølle kan leigast i utstillingssesongen, men ikkje sundagar og heilagdagar når mølla er open for publikum i samband med utstillingar.

For bestilling av leige ta kontakt med kultursjef Trond Lie: trond.lie@time.kommune.no / tlf. 51776187

1. Leige inntil fire timar – foreiningar og lag i Time kommune
Frå andre kommunar
600,-
900,-
2. Leige over fire timar – foreiningar og lag i Time
Frå andre kommunar
900,-
1250,-
3. Leige inntil fire timar - private frå Time
Over fire timar
1500,-
1750,-
4. Leige inntil fire timar - bedrifter, og private utanfor Time
Leige over fire timar – bedrifter, og private utanfor Time
I tillegg kjem vask
1750,-
2000,-
250,-
5 Leige av kjøkken med utstyr 300,-
6. Ved leige til utstillingar tek mølla inngangspengane, og leiga er gratis.  

 

Det er vedteke eige utleigereglement for mølla. Garborghusa vert ikkje utleigde.

Søk utstillingsplass

Fotland Mølle inviterer profesjonelle kunstnarar og kunsthandverkarar til å søka utstillingsplass. Det kan søkast om separatutstilling, duo- eller gruppeutstilling.

Søknadsmaterialet sendast samla i éin PDF til post@fotlandmolle.no og må innehalda:

  • Kort skildring av prosjekt (maks 1 A4-side)
  • CV
  • Relevant biletmateriale

Merk med "Søknad_ditt namn". Søknadsfrist: 30. juni!

Som utstillar er du ansvarleg for installering og demontering av utstillinga. Time kommune skal gjera utstillinga kjend og sørga for utstillingsplakat. Time kommune er òg ansvarleg for vakthald, forsikring av utstilling, billettsal og tryggleik. Forsikringa gjeld ikkje transport til og frå utstillingslokalet. Det utbetalast dessverre ikkje utstillingshonorar. Me vil sjølvsagt stilla med intensjonsavtale som kan brukast ved søknadar om prosjekttilskot.

Alle som sender inn søknad vil få stadfesting på e-post om at søknad er mottatt. Ein komité med kunst- og kulturfagleg kompetanse vurderer søknadane, og me vil svara på søknadane i etterkant av komitémøtet i september. Spørsmål kan rettast til kurator og utstillingskoordinator ved Fotland Mølle, Kari Ann Lending Kleiveland, post@fotlandmolle.no.

Me ser fram til å ta imot søknaden din!

 

Kontaktinfo

Fotland mølle
E-post

Adresse

Fossevegen 176
4346 Bryne

Kart