Bryne torg

Lag, frivillige organisasjonar, politiske parti, næringsdrivande og privatpersonar kan søka om å nytta Bryne torg eller delar av torget til nærare fastlagt aktivitet. 

Søknadsskjema

Brynes Vel, Bryne Næringsforening og Opplev Jæren leier ut torgboder på Bryne torg.

Informasjon og booking av torgboder

For andre arrangement og aktivitetar må du søka kommunen. Dette gjer du her:

Søknadsskjema

 

Prisar

Bruk av Bryne torg er gratis. Pris for leige av torgboder finn du her: 

Torgboder - Bryne torg

Kven kan nytta Bryne torg?

Lag, frivillige organisasjonar, politiske parti, næringsdrivande og privatpersonar kan søkja om å nytta torget eller delar av torget til nærare fastlagt aktivitet.

Restriksjonar
  • Det vil normalt ikkje bli godkjent arrangement på torget i tida mellom kl 01.00 og 08.00
  • Dei som skal selja mat og/eller drikke må ha serveringsløyve jmf serveringsloven (Frivillige lag- og organisasjoner har fritak frå dette)
  • Ingen kan selja, servera eller bruka alkohol på torget utan at kommunen har gitt løyve til dette
  • Ved større arrangement på Bryne torg, vil det ikkje bli leigd ut plass til andre
  • Om arrangementet er av ein slik karakter at det er krav om godkjenning frå politi og/eller brannvesen er søkjar sjølv ansvarleg for å innhente slik godkjenning
Vilkår for utleige av Bryne torg

Alle som nytta Bryne torg, har ansvar for å rydda opp etter seg.

I tillegg gjeld ”Politivedtekt for Time kommune”. 

Kart