Kunst til Kvernaland omsorgssenter – Open prekvalifisering 01.03.–01.04.26

Open prekvalifisering for kunstnarar til eit større utandørs kunstprosjekt i sansehagen ved nye Kvernaland omsorgssenter. Time kommune inviterer kunstnarar til open prekvalifisering for prosjektet «Kunst til Kvernaland omsorgssenter».

Frist: 01.04.26

Om staden og planane

Fram mot 2035 vil me få ein stor auke i talet på personar over 67 år i Time kommune. Denne utviklinga gjer at det er behov for fleire institusjonsplassar og omsorgsbustadar med døgnbemanning, slik det kjem fram i Bustadplan 2024–2040.

I forprosjektet kjem kommunedirektøren med eit framlegg om å utvida Kvernaland omsorgssenter med 27 nye omsorgsbustadar. Bygget er planlagt med tre fløyer med ni bustadar i kvar fløy. Utvidinga er planlagt aust for dagens omsorgssenter.

Dei fleste innbyggarane ønsker å bu lengst mogleg i eigen bustad og legga til rette for alderdomen der. Det er venta at dei fleste som i framtida skal bu i kommunal omsorgsbustad har kognitiv svikt eller demenssjukdom. Dei nye omsorgsbustadane vert derfor tilpassa dette. Bustadene får eit noko mindre areal enn dei som vart bygde i første byggetrinn; mellom anna er det ikkje kjøkken i bustadane. Når arealet i kvar eining er mindre, krev Husbanken at meir fellesareal vert lagt inn, slik at tenestene kan legga til rette for felles aktivitetar og måltid.
 

Sansehagen

Det er planlagt ein sansehage i prosjektet, og dei tre fløyene i bygget vert reiste rundt denne hagen. Bygget får to etasjar mot nordvest og éin etasje i søraust. Dette gjev gode sol- og lysvilkår i sansehagen. Hagen vert eit viktig tilbod både for bebuarane i dei nye omsorgsbustadene og for dagsenteret i den eksisterande delen. Kunstprosjektet er tenkt å få plass i sansehagen. Byggeprosjektet skal stå ferdig ved utgangen av 2026.
 

Open kvalifisering

Utvalet ser etter eit kunstprosjekt som held seg til funksjonen institusjonen har som både omsorgsarena og offentleg rom. Det er ønskeleg at kunsten bidreg til orientering, tryggleik og identitet, fremmar relasjonar og deltaking, og samstundes held eit tydeleg etisk og kunstfagleg nivå.

Etter prekvalifiseringsrunden skal kunstkomiteen invitera tre kunstnarar eller kunstnargrupper til direkte oppdrag eller honorert lukka konkurranse.

Praktisk om prekvalifiseringa

  • Namn på prosjektet: Kunst i Kvernaland omsorgssenter
  • Byggeigar: Time kommune
  • Landskapsarkitektar: Norconsult
     
  • Kunstkonsulent/prosjektleiar: Daniela Arriado
     
  • Totalbudsjett for kunstprosjektet: Kr 480 000 

     

Practical Information: 
   Pre-qualification

Me ønsker ingen konkrete bilde eller skisser til moglege kunstnarlege løysingar i prekvalifiseringa. Me ber interesserte kunstnarar om å senda ein portfolio som éi samla PDF-fil på maks 10 sider og maks 10 MB. Denne skal innehalda:

  1. Grunngjeving for interesse (motivasjonstekst).
  2. Presentasjon av tidlegare arbeid og prosjekt (tekst/bilete). Lenker kan oppgjevast i tillegg.
  3. CV og kontaktinformasjon.
    Frist: 01.04.26
     

Søknadar og eventuelle spørsmål skal sendast til: Daniela Arriado :  arriado@gmail.com

I emnefeltet bør det stå: «Søknad_Kvernaland Omsorgssenter»

Kontaktinfo

Daniela Arriado
Prosjektleiar
E-post